Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst? 

Bilete av Erlend Ropstad og Endre Ruseth.
I samtaleserien Lytt til lyrikken samtalar Erlend Ropstad og Endre Ruseth om å skrive, og om å leve av og med songar og dikt. Foto: Heidi Furre, Martin Solvang

Samtaleserien Lytt til lyrikken er klar for ein ny vestlandsturne. Songpoeten Erlend Ropstad møter lyrikar Endre Ruset til ein samtale om å skrive, og om å leve av og med songar og dikt.

Dei vitjar Førde 15. november, Kvinnherad 16. november og  Ulvik 17. november.

Songar, musikar og låtskrivar Erlend Ropstad debuterte som soloartist i 2006 og har sidan då gjeve ut åtte album. Han har vore nominert til Spellemann i ulike kategoriar heile åtte gonger. Ropstad nyter stor anerkjenning etter han starta å skrive på norsk. Han har laga filmmusikk, vore med i oppsetjing på Nationaltheateret, og i 2011 hadde han si første filmrolle i Himmelen bak huset.

Endre Ruset debuterte med den kritikerroste diktsamlinga Ribbeinas vingespenn i 2001. Etter dette har han motteke både Bjørnsonstipendet for boka Kims lek (2005) og Bokhandlerforeningens forfatterstipend. Ruset er aktuell med diktsamlinga Deretter (2021) som han har skrive saman med den engelske forfattaren Harry Man.

Dette er den fjerde turneen til Lytt til lyrikken. Samtaleserien er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og lokale bibliotek og arrangørar over heile landet. Tidlegare i haust fekk publikum møte Tuva Syvertsen og Svanhild Amdal Telnes. I 2019 presenterte Nynorsk kultursentrum og Haugesenteret i Ulvik for første gong samtaleserien, då med Frida Ånnevik og Anna Kleiva. I 2020 fekk publikum møte Daniel Kvammen i samtale med Fredrik Høyer. 

I Nynorsk kultursentrum arbeider vi både med skriftlyrikk og songlyrikk. Med Lytt til lyrikken inviterer vi til unike og nye kunstnarmøte mellom musikarar og diktarar,  seier formidlingsleiar Tone Slenes.