Ferje- og båtreiarlaget Fjord1 får tildelt Storegutprisen 2023

Bilete av ferja Fedjebjørn
Fjord 1 og Ferdamat får tildelt Storegutprisen 2023. Foto: Fjord1

Fjord1 og matkonseptet deira, Ferdamat, vil bli heidra under Litteraturdagane i august. Selskapet nyttar nynorsk i all marknadsføring og informasjon, både opp mot publikum og elles i næringsdrifta.

Storegutprisen blir gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom. Storegutnemnda meiner at Fjord1 og Ferdamat fyller tildelingskriteriet og vel så det. 

Leiar i Storegutnemda, Aasmund Nordstoga, seier at det krev både mot og integritet å gjera all marknadsføring på nynorsk. 

– Selskapet gjer det som ein heilt naturleg del av verksemda si, og viser at nynorsk er godt eigna til kommunikasjon med eit mangfaldig publikum, så lenge fokus er på god kommunikasjon i eit kort og tydeleg språk, seier Nordstoga. 

Stor stas 
Kommunikasjonsmedarbeidar i Fjord1, Hilde Anita Røyrvik, seier at tildelinga er stor stas og noko selskapet er stolte av. 

– Vi har nytta nynorsk målform i det offentlege rom i mange år; både om bord i fartøya, på nettsidene, i rapportar, i sosiale media og i malverket vårt. For oss er det naturleg å skrive nynorsk, der målet er å skrive på ein god og lett forståelegmåte. Det er viktig for oss å ikkje bli for konservative i skriftspråket, men vise at det går an å skrive nynorsk som alle forstår. Vi er svært audmjuke og glade for at vi vert lagt merke til, og ønskjer samtidig å takke Vener av Vinjesenteret for prisen, seier Røyrvik.  

Festkveld i Edland 
Utdelinga av prisen blir som vanleg eit høgdepunkt under Litteraturdagane, på den store festkvelden, laurdag 26. august. 

– Eg er glad for at Storegutprisen kan bli delt ut til både enkeltpersonar og firma, og at nemda verdset levande og ledig nynorsk i næringslivet, seier vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret, Ingebjørg Nestestog Edland.

Storegutprisen 2022_foto André Nesheim
Storegutprisen. Foto: André Nesheim