Festival for heile familien

Kollasj av Martine Grande og Lurivar med det hemmelege skrinet.
Martine Grande. Foto: Hanne Hasselberg. Lurivar. Foto: Nynorsk kultursentrum

– For oss i Aasentunet og Festspela er det viktig å kunne presentere eit program som inkluderer barn og unge. I år vert det mellom anna Lurivar-framsyning i uteamfiet, Festsprell både i Ørsta og Volda, i tillegg til familieframsyning på Høgetua, seier Ida Kornberg, barne- og ungdomsformidlar i Aasentunet.

Festspela brakar laus allereie torsdag 9. juni, og fredag er det klart for Lurivar-framsyning på utescena i Aasentunet.

– Det vert skikkeleg stas å få Lurivar på besøk i tunet att. Vi gler oss til ei kjekk stund der barna får vere med inn i Lurivar sitt univers saman med skodespelarane Kurt Herdlevær og Hanne Mellingen. Framsyninga har fokus på formidling av litteratur, ordleik og song, og har vore eit populært innslag i Den kulturelle skulesekken i fleire år, fortel Kornberg.

Artige Festsprell
Laurdag under Festspela er det tid for Festsprell med animatør og barnebokforfattar Martine Grande. Ho vert å finne både i Ørsta ved Kunsthuset og i Volda i Uppheimsparken, der ho skal lese frå barneboka si Ørn. Etterpå får barna brette si eiga bok.

OPPDATERING: Festsprell med Martine Grande er flytta frå Uppheimsparken til Volda folkebibliotek.

– Dette vert to veldig artige økter, og eg håpar mange barnefamiliar vert med på moroa. Formidling av litteratur til barn er kjempeviktig, både for at dei skal bli glade i bøker og like å lese sjølve, og for at skriving skal verte kjekt, seier Grande.

Grande har sjølv budd i Volda i nesten ti år og gler seg til å kome tilbake til området.

– Det er alltid stas å kome tilbake til Ørsta og Volda. Alle førespurnadar frå Sunnmøre hamnar automatisk høgt på prioriteringslista, så eg vart veldig glad då eg fekk spørsmål om å vere med under Festspela, seier Grande.

Lokal medverknad
Lokale barn og unge skal i elden når drama- og teatergruppa ved Ørsta kulturskule kjem for å lage stemning i uteområdet rundt Aasentunet, søndag 12. juni. Dei inviterer til familieframsyning på Høgetua.

–  Publikum møter figurane allereie på vegen til Høgetua og får ta del i små aktivitetar langs løypa. På toppen vert det skodespel basert på diktsamlinga Bjørkebokstavar av Hilde Myklebust, fortel Kornberg.

I tillegg til arrangementa på festspelprogrammet vert det også arrangert skulebesøk i regi av Festspela. Hilde Myklebust, Arild Torvund Olsen, Katrine Schiøtt og festspeldiktar Aina Basso skal ha ulike opplegg med skuleklasser og det vert både teikneserieverkstad og live høyrespel.

– Barn og unge er ei målgruppe som vi prioriterer både under Festspela og elles i året. Skulebesøka er eit samarbeid med Ørsta og Volda kommunar, og ved å også møte barn og unge i skuletida sikrar vi eit best mogleg tilbod for alle elevar, avsluttar Kornberg.

Her finn du billettar til Festspela 2022!  

 

Bilete av Høgetua i Hovdebygda
Utsikta frå Høgetua over Hovdevatnet. Foto: Laila Walseth Lid.