Nynorsk.no / Aktuelt / – Festivalen gjev meg alltid fine overraskingar
– Festivalen gjev meg alltid fine overraskingar
Arenaleiar ved Haugesenteret, Jorid Lekve Eide, har vore med å arrangera poesifestival i regi av Haugesenteret heilt sidan senteret opna for ti år sidan. Årets festival er hennar aller første som arenaleiar og festivalsjef. – Eg er spent! Eg har vore med lenge, men festivalarbeidet gjev meg alltid ny lærdom og fine overraskingar, seier ho.
Ein skulle kanskje tru at ein har forstått det meste etter å ha bada i lyrikken og livet til Olav H. Hauge i ti år. – Men slik er det ikkje, forsikrar Jorid Lekve Eide. – Der er så mange vegar inn til Hauge si dikting, og forskarar og lesarar oppdagar stadig nye, held ho fram.
Poesien gjer inntrykk
Poesifestivalen utmerkar seg ved å setja lyrikken i sentrum, med Olav H. Hauge si dikting som utgangspunkt. I år er det det lyriske mangfaldet i diktsamlinga På Ørnetuva som dannar bakteppet.
– Publikum skal få møta både norske og nordiske, etablerte og nye poetiske røyster i samtidspoesien når dei kjem hit. Å høyra poeten lesa kan gjera stort inntrykk på publikum, det ser me kvar einaste festival. Det er også viktig for oss å engasjere born og unge. Lokale ungdomar får møta Hauge si dikting gjennom å skriva eigne dikt i skriveverkstaden Olav H. og Eg med årets festivalpoet Ruth Lillegraven, seier Eide.
Ministeren held opningstalen
Det er kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery som held årets opningstale. Under opninga blir også Haugestipendet 2024 delt ut til ein talentfull ung lyrikar, songar eller tekstforfattar, og me får møta festivalpoetane Cecilie Løveid, Gunnar Wærness, Gabriel Itkes-Sznap og Brynja Hjálmsdóttir.
– Eg gler meg til å sjå kva som dukkar opp i dialogen mellom Hauge si dikting, samtida og den nye lyrikken. Elin Stengrundet er nok ein av dei som vil syna oss nye måtar å lesa Hauge på, seier Jorid Lekve Eide. Som Årets Haugeførelesar utforskar Stengrundet tankar om framtida i På Ørnetuva og drøftar dei opp mot andre viktige tekstar.
Mellom epletre og sidergardar
– Når me inviterer til festival «desse milde soldagane i september», for å sitera Hauge, tek me også heile bygda i bruk, seier arenaleiaren. – Det gjer noko både med lokalsamfunnet og dei besøkjande. Poesifestivalen kan opplevast mellom epletre og sidergardar, i skulebygninga på Hjeltnes, der Hauge sjølv var gartnarelev, og i Hauge sin hage i tunet på Rossvoll.
– Åra har lært meg at god planlegging er ein viktig nøkkel til ei god festivalhelg. Det same er ein dedikert festivalstab og ein strålande bukett med engasjerte frivillige. Festival er litt som fotball, heile laget må vera med skal det blir godt spel, avsluttar arenaleiar Eide.