Flyttar Litteraturdagane i 2024 frå august til september

litteraturdagane 2022
Frå Litteraturdagane 2022. Foto: André Hustoft Nesheim.

Litteraturdagane har dei siste åra gått føre seg siste helg i august. Neste år blir den årvisse festivalen flytta til slutten av september. – Me gjer denne endringa av tidspunkt for å unngå å konkurrere med andre festivalar og arrangement i området, seier vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret, Ingebjørg Nestestog Edland.

Vinjesenteret og Litteraturdagane er også fast leverandør av litterære tilbod til skular i Vest-Telemark i tida rundt festivalen. – Me trur det blir enklare for skulane å ta imot eit slikt turnétilbod når dei har kome litt meir i gang med skuleåret enn rett etter skuleferien, seier Ingebjørg Nestestog Edland.

I 2023 kolliderte laurdagsprogrammet med Vinjedagen, og det har også dukka opp andre festivalar i tidsrommet som Nynorsk kultursentrum ynskjer å ta omsyn til. I tillegg til å drive Vinjesenteret og Litteraturdagane i Vinje, er Nynorsk kultursentrum òg drivar av Haugesenteret og Poesifestivalen i Ulvik og Aasentunet og Festspela i Ørsta. – Det er mange omsyn å ta og faktorar som spelar inn, men me har konkludert med at det er ei god løysing å flytte Litteraturdagane til slutten av september, seier konstituert direktør i Nynorsk kultursentrum Gaute Øvereng.

Tema for Litteraturdagane 2024
Årets festival hadde «motkultur» som tema. Neste år vil «kraft» vera ein raud tråd for festivalen. Arrangøren ser føre seg å ha eit særleg fokus på forholdet mellom landbruk og industri, og korleis dette utfaldar seg i dikting og journalistikk. – Skaparkraft, berekraft og vasskraft er ord me vil leggje vekt på i arbeidet med programmet, der berekraft er særleg interessant og aktuelt. Både dikting og journalistikk er med på å forme våre haldningar til naturen, og kan påverke relasjonen vår til stadane me skal forvalte og leve i, fortel Nestestog Edland engasjert.