Forfattarsamtale med Marit Eikemo: Vi er brødrene Eikemo

Marit Eikemo
Marit Eikemo. Foto: Agnete Brun

Denne fredagen i haustferien kjem forfattaren Marit Eikemo til Ulvik. Ho vil lesa utdrag frå boka og samtala med Jorid Lekve Eide, arenaleiar ved Haugesenteret. Yppal er triveleg vertskap denne kvelden, så ta turen til Haugesenteret-kaien for lesk og litteratur. Velkomen!

Det er lys i vindauget i tredje etasje i Berjaflotvegen 9. Der står Per Eikemo, 86 år gammal, og ser ut over Odda. Dette er ikkje hans tid, og det er ikkje lenger det Odda han kjenner. Men huset står, huset som far hans bygde, og som Per sjølv måtte overta som 14-åring då faren døydde. Her voks han opp, saman med dei fire brørne sine, den eine villare enn den andre. Dei har halde det gåande med husbygging, idrettslag, amerikareiser og maratonløp. Dei fire etasjane har alltid vore fulle av liv og prosjekt. No er det berre Per igjen i huset – og klokka som stadig tikkar og går. 
 
Marit Eikemo, som sjølv voks opp i Berjaflotvegen 9, har skrive ei underhaldande og rørande forteljing om eit hus, ein familie og ein industristad. Boka er ein syrgjesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt, om det som formar oss og om krafta som held oss i live.