Framtida Junior fekk prisen Årets nynorskbrukar

Bilete av Svein Olav Langåker frå Framtida Junior og styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal
Svein Olav Langåker frå Framtida Junior saman med styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal (til venstre). Foto: Nynorsk kultursentrum

Det var ein glad Svein Olav Langåker som tok i mot prisen Årets nynorskbrukar 2023 på vegner av Framtida Junior, under fagseminaret til Festspela torsdag 8. juni. Framtida Junior fekk prisen for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne for 7–13-åringar.

Under lanseringa av Framtida Junior for sju år sidan sa Svein Olav Langåker:

– Me vil laga eit tilbod som er så spennande og godt at barna vil ha lyst til å bruka det i fritida, og så lærerikt, bra og nyttig at foreldra og lærarane vil ønska at ungane bruker det på skulen og heime.

– Det kan vi seie at dei har lukkast med, sa styreleiar i Nynorsk kultursentrum Reidar Sandal då han delte ut prisen.

Uansett kva språk ein bruker viser forsking at ein treng at språket er godt til stades i både skule og kvardag, og at ein kan lese tekstar om det ein bryr seg om på sitt eige språk Framtida Junior har heilt sidan oppstarten i 2017 involvert barn i arbeide sitt.

– Vi har heile tida søkt råd hos barn om kva dei har lyst å lese om. Vi arbeider litt etter den same demokratiske tanken som Ivar Aasen gjorde då han var i 20-åra. Kven som helst skal få delta i samfunnet og seie si meining. Barna skal få seie kva dei meiner og delta i ordskiftet, sa Langåker under utdelinga.

Framtida Junior byggjer på ein lang nynorsk tradisjon for å setje barnet i sentrum i barneformidlinga – frå Norsk Barneblad og Rasmus Løland og fram til i dag. Samstundes har dei fornya tradisjonen og møter barna med aktuelt innhald på flatene dei allereie er på. Det har vore fleire forsøk på barneaviser sidan 2010, men berre to har overlevd: Aftenposten Junior og Framtida Junior. I eit medielandskap der nynorsk er lite synleg i dei nasjonale dagsavisene, har dei gjort nynorsk meir tilgjengeleg for barn både i papiraviser og digitalt, heiter det i grunngjevinga.

Prisen Årets nynorskbrukar, som er på 100 000 kroner og eit diplom, blir delt ut av styret i Nynorsk kultursentrum til ein person eller institusjon som syner evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, og som gjer det lettare å vere nynorskbrukar gjennom sitt føredøme.