Gro Dahle får Diktartavla 2023

Bilete av Gro Dahle
Gro Dahle får diktartavla 2023. Foto Lina Hindrum

Haugesenteret og Hardanger folkemuseum heidrar den folkekjære poeten Gro Dahle med ein plass på Diktarstien. Prisutdelinga finn stad på Hardanger folkemuseum laurdag 10. juni kl. 15.00.

Sidan debutsamlinga Audiens i 1987 har den leikande pennen til Gro Dahle gjeve ut poesi, prosa, og dramatikk for både vaksne og born. Over 60 bøker har det blitt, og av dei 17 diktsamlingar. Den nyaste diktsamlinga hennar Elskede grøftekant kom i 2022.

Mellommenneskelege relasjonar, daglege hendingar og dyra sine perspektiv er motiv som går att i tekstane til Dahle. Gjennom diktsamlingane har Dahle utvikla eit særeige poetisk språk der ei leikande og naivistisk form blandar seg med bråe assosiasjonskast og eit underliggjande alvor. Diktinga til Dahle er ofte konkret, men så snur og vender ho språket til noko overraskande og leikent.

– Gro Dahle er ein poet som fylgjer etter orda og leikar med språket sine lydleg kvalitetar. Dikta handlar om dei nære tinga, og det kvardagslege blir poesi i Dahle si dikting, seier Jorid Lekve Eide, arenaleiar i Haugesenteret.

Diktarstien ved Hardanger folkemuseum
Diktarstien er ein vakker hellegang med 32 diktartavler som prydar det flotte museumstunet ved Hardanger folkemuseum på Utne. Dahle går inn i rekkja av markante diktarar som har fått Diktartavla. Blant dei finn me Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Tone Hødnebø, Jon Fosse, Cecilie Løveid, Eldrid Lunden og Øyvind Rimbereid.

Under prisutdelinga ved Hardanger folkemuseum vil publikum få høyra poeten lesa, og snakka om diktinga si saman med Jorid Lekve Eide, arenaleiar i Haugesenteret.