Arrangement Haugesenteret

Oversikt over arrangement i regi av Haugesenteret, inkludert arrangement i samband med Poesifestivalen. Sjå Opningstider og prisar for informasjon om billettar til utstillinga.

Ingen arrangement

Måndag
12. mai
kl. 19.00
GULEBYGNINGEN, HJELTNES SKULE

Grunna sjukdom er dette arrangementet flytta til måndag 12. mai kl 19.00

No er Sigri Sandberg på turne med den nye boka «Det året eg vakna», og klar for å møta sitt lydhøyre publikum. Me er svært glade for at ho svingar innom Ulvik på sin veg, og håpar publikum i alle aldrar vil ta turen denne kvelden. Som Sigri sjølv skriv i boka: For du og eg, me er natur, og me er heilt avhenging av at han fungerer!

Les meir om arrangementet

Fredag
21. mars
kl. 18.00
ULVIK FOLKEBIBLIOTEK

Verda poesidag blir markert 21. mars kvart år. Formålet er å skapa merksemd rundt lesing, skriving, publisering og læring av poesi over heile verda. Haugesenteret har lang tradisjon for å feira denne dagen, og i år blir ikkje noko unntak. Denne fredagen i mars hyller me poesi og dikting med eit føredrag ved vår eigen konservator, Stein Arnold Hevrøy.  Me er glade for å feira dagen på Ulvik folkebibliotek!

Les meir om arrangementet

Laurdag
22. mars
kl. 16.00-17.00
STAVANGER ANTIKVARIAT

Presentasjon av antologien om Hauge Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauge og samtale med litteraturforskarane Hadle O. Andersen, Ingrid Nielsen og Stein A. Hevrøy, tre av bidragsytarane.

Les meir om arrangementet

Laurdag
24. m
ai
kl. 21.00
YPPAL MAT & DRYKK

Foreningen for By og Bygd spelar nynorsk country. Det er litt skeivt, litt streit, litt omsett og oftast sjølvskrive. Dei synest teksten er halve poenget og songane deira handlar ofte om å bli dumpa, eller om å køyra bil rundt på vestlandet og lengta etter Amerika. Bandet har masse erfaring med begge deler. 

Les meir om arrangementet