Haustprogrammet ved Haugesenteret

Marit Bendz kjem til Ulvik fredag 11. november. Foto: Ulf Rugumayo Amundsen

I haust inviterer Haugesenteret til både litterære samtalar, familiedag og jolekonsert i Ulvik kyrkje.

Forfattar Marit Bendz og fotograf Oddleiv Apneseth er aktuelle med boka «Glade dyr og levande jord». Her portretterer dei femten bønder frå Lofoten i nord til Jæren i sør, som med kunnskap og rein viljestyrke vågar å tenkja annleis. Bendz kjem til Ulvik fredag 11. november for å gje oss eit møte med nokon av bøndene i boka.  

Er det skilnad på å skriva eit dikt og ein songtekst? Dette blir eit av spørsmåla når songpoeten Erlend Ropstad møter lyrikar Endre Ruset til ein samtale om det å skriva, og om å leve av og med songar og dikt. Samtaleserien Lytt til lyrikken er klar for ein ny vestlandsturne og kjem til Ulvik torsdag 17. november.  

Seinare i november vert det familiedag med forfattarbesøk og joleverkstad på Haugesenteret når Ruth Lillegraven og Klodeklubben kjem på besøk. Fredag 9. desember senkar roa seg med jolekonsert i Ulvik kyrkje. Folkemusikktrioen Marit Karlberg, Frank Rolland og Sigbjørn Apeland inviterer til konsert med advents- og jolesalmar frå Valdres. 

Meir informasjon om haustprogrammet og billettar til alle arrangementa finn du her.

Bilete av Erlend Ropstad og Endre Ruseth.
I samtaleserien Lytt til lyrikken samtalar Erlend Ropstad og Endre Ruseth om å skrive, og om å leve av og med songar og dikt. Dei kjem til Ulvik torsdag 17. november. Foto: Heidi Furre, Martin Solvang