Nynorsk.no / Aktuelt / Ingebjørg Bratland til Festspela 2025
Ingebjørg Bratland til Festspela 2025
Programmet for Festspela byrjar å ta form, og utekonserten med Ingebjørg Bratland er mellom høgdepunkta som no er klare. Laurdag 14. juni 2025 vil ho møte publikum på Utescena i Aasentunet og by på ei heilt spesiell konsertoppleving.
– Vi er sikre på at Bratland vil skape ein magisk sommarkveld i tunet, seier Ida Karin Kornberg, konstituert arenaleiar ved Aasentunet.
Bratland har ein imponerande karriere bak seg, med alt frå rosande omtale for albuma sine, til gripande framføringar under viktige nasjonale hendingar. Mange hugsar framleis augeblikket på Slottsplassen i 2007, då ho framførte den «Den fyrste song» til ein rørt Kong Harald på 70-årsdagen hans. Like sterkt står den gripande formidlinga av Nordahl Griegs «Til ungdommen» under minnekonserten i Oslo Domkyrkje 30. juli 2011.
Ho er òg kjend for sine nære tolkingar av songar som «Jul i Svingen», «Fordi eg elskar deg» og «Ljos», og ho har rørt publikum i alle aldrar med musikken sin.
– Vi gler oss stort til å ønske både utøvarar og gjestar velkomne til tunet Festspela-dagane. Meir informasjon om programmet under Festspela 12.–15. juni 2025 vil bli lagt ut på nynorsk.no framover, avsluttar Kornberg.