Inger Johanne Sæterbakk på skulebesøk på Jæren

Bilete av Inger Johanne Seterbakk
Forfattar Inger Johanne Sæterbakk besøker fem skular på Jæren med boka si «Hjartespreng». Foto: Maria Olivia Rivedal / Aschehoug

2. til 5. desember, reiser forfattar Inger Johanne Sæterbakk på skuleturne på Jæren. – Det er stor stas å formidla god litteratur på nynorsk til elevar i området, seier Inger Undheim, avdelingsleiar på Garborgsenteret. Forfattarturneen er eit samarbeid mellom Garborgsenteret og Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. 

Inger Johanne Sæterbakk har skrive fleire barne- og ungdomsbøker, og var nominert til Brageprisen for den nyaste boka si Hjartespreng i 2023. Denne veka skal ho besøka ungdomsskular i Klepp, Hå, Gjesdal og Time kommunar. – Hjartespreng er ei spanande bok om å vera 16 år og finna sin måte å vera ungdom på, og me håpar dette er ei bok elevane kjem til å lika, held Undheim fram.  

På denne turneen prioriterer Garborgsenteret og Nynorsk kultursentrum kommunar der det er nynorskelevar i skulen. – Jæren er eit av områda i landet med flest nynorskelevar, men også her er språket under press. Derfor er det ekstra viktig at elevane får oppleva god litteratur på nynorsk, og at me slik kan bidra til å auka statusen til språket, seier Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk kultursentrum. – Me er veldig glade for samarbeidet med Garborgsenteret, og at me saman får til skuleturne på Jæren med ein spanande nynorskforfattar, avsluttar Øyehaug Opsvik.  

Turneen er finansiert med midlar frå randsoneprosjektet «Nynorsk som nasjonalt skriftspråk», som er støtta av Kultur- og likestillingsdepartementet. Inger Johanne Sæterbakk kjem frå Orkanger i Trøndelag, bur i Oslo og har gitt ut barne- og ungdomsbøkene Hjartespreng (2023), Rundt jorda og tilbake (2020) og 1000 dagar (2017).

Oversyn over kva skular som får besøk under turneen:  
2. desember: Bore ungdomsskule
3. desember: Nærbø ungdomsskule
4. desember: Klepp ungdomsskule
5. desember: Gjesdal ungdomsskule og Frøyland ungdomsskule