Nynorsk.no / Aktuelt / ISÁK entrar scena under Litteraturdagane i august
ISÁK entrar scena under Litteraturdagane i august
Torsdag 24. august står musikar og samfunnsaktivist Ella Marie Hætta Isaksen og bandet ISÁK på scena i Raulandsakademiet. – Me ynskjer å nå eit yngre publikum, og tenkjer at denne konserten i oppstartsveka ved Universitetet i SørAust-Noreg legg til rette for dette, seier digitalformidlar ved Vinjesenteret, Mari Tveiti.
Tema for årets festival er «motkultur», og Litteraturdagane ønskjer å tematisere dei forteljingane som ikkje får omtale, eller som må kjempe for ein plass i den offentlege samtalen.
–Heilt sidan sidan oppstarten i 2017 har ISÁK blitt ein av denne generasjonens viktigaste stemmer, og Ella Marie Hætta Isaksen har vore ei viktig stemme for samiske rettar i den pågåande konflikten rundt vindmølleparken på Fosen. Hætta Isaksen er dermed eit døme på korleis dei motkulturelle rørslene ofte arbeidar saman mot eit felles mål, seier vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret, Ingebjørg Nestestog Edland.
Stor feiring
ISÁK blir rekna som ein naturleg etterfylgjar etter Mari Boine, som er kjent for å utvikle joik og modernisere samisk musikk gjennom fleire tiår.
Nyleg annonserte ISÁK at dei gjev seg som band, på høgda av ein seks år lang, intens og innhaldsrik karriere. Det betyr at konserten under Litteraturdagane blir ein av dei aller siste bandet gjer.
– Dearvuođaiguin er feiringa av alt vi har gjort og opplevd saman med publikummet vårt. Dette er dansen og festen som skal overgå og supplere ei allereie full minnebok av takksemd, uttalar trioen som består av Ella Marie Hætta Isaksen, Daniel Eriksen og Aleksander Kostopoulos.
ISÁK blandar tradisjonell joik, urbane syntar og eit tekstunivers på både engelsk og samisk, på ein ny og spanande måte, og har i høgste grad vore med på å flytte grensene for samisk musikk.
Studentvenlege litteraturdagar
Torsdag 24. august er festivalstart for Litteraturdagane 2023, og blir gjennomført i samarbeid med Universitetet i SørAust-Noreg og Raulandsakademiet.
– Opningsdagen tek me for oss folkemusikken som motkultur. Dette opningsprogrammet trur me kan bli ei stor oppleving for folk i fleire aldrar, smiler Ingebjørg Nestestog Edland.