​​Jan Olav Baarøy er ny styreleiar for Nynorsk kultursentrum​

Jan Olav Baarøy. Foto: Maria Fet / Nynorsk kultursentrum

I eit styremøte måndag 8. januar blei Jan Olav Baarøy vald som styreleiar og Amela Koluder som nestleiar. Vedtaket var samrøystes.

Den nye styreleiaren blei oppnemnd som styremedlem av Kulturdepartementet med verknad frå 20. desember 2023, etter at Reidar Sandal gjekk av i november 2023. Baarøy var innstilt som ny styreleiar av valnemnda til Nynorsk kultursentrum. 

– Eg er stolt og audmjuk over oppdraget og ser fram til å utvikle Nynorsk kultursentrum vidare saman med kompetente tilsette og eit godt samansett styre, seier Baarøy. – Som styre skal vi både bidra til stabil styring og god støtte for den nye direktøren og alle tilsette, og samstundes utfordre og bidra til fornying og stimulere til spanande prosjekt i åra som kjem, seier han. 

Jan Olav Baarøy er fødd i Bergen i 1971, oppvaksen i Ørsta og bur no i Førde. Han er til dagleg direktør for Norsk senter for utvekslingssamarbeid (NOREC), som ligg under Utanriksdepartementet. Han har studert teologi og sosialantropologi ved Universitetet i Oslo og har ein MBA frå Norges handelshøyskole. I tillegg til erfaringa frå arbeidet som direktør for NOREC, har Baarøy bakgrunn frå mellom anna Kirkens Nødhjelp og UNICEF. Valnemnda til Nynorsk kultursentrum har lagt vekt på at Baarøy har solid utdanning og lang erfaring innanfor leiarutvikling, lagbygging, styrearbeid og samspel med offentlege etatar.