Jon Fosse-symposium i Bergen 1. juni

Bilete av Jon Fosse
Jon Fosse. Foto: Tom A. Kolstad

I år er det 40 år sidan Jon Fosse debuterte med romanen Raudt, svart (1983). Framleis gjer forfattarskapen hans seg sterkt gjeldande både i Noreg og ute i verda. På Litteraturhuset i Bergen 1. juni tek symposiet «Det store svevet» føre seg både prosaen, poesien og dramatikken til Fosse.

Dramatikaren Fosse har betydd mykje for Det Vestnorske Teateret i mange år. I vår har stykket I svarte skogen inne av Fosse verdspremiere i Bergen. Stykket er skrive for Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret i Oslo. Framsyninga er òg eit samarbeid med Festspillene i Bergen, og blir slik ein del av festspelprogrammet 2023. For det yngre publikummet blir det vist ei dramatisering av barneboka Spelejenta frå 2009.

Premiera skjer på den nye Scene 2 og er samprodusert med Ingrid Askvik. Det blir òg halde ei lesing av den fyrste delen av Hundemanuskripta, Fy å fy. Hundemanuskripta er skrivne i åra 1995-1997 og vert framført som tonesette lesingar i kulturbaren Skifte på Det Vestnorske Teateret. I dagane etter symposiet (2. og 3. juni) kan du få med deg dei to andre tekstane, Nei å nei og Du å du. 13. mai og 4. juni vil Linda Eide gi publikum ei innføring i Fosse sitt liv og verk med Fosse for dumskallar på Hovudscenen.

«Det store svevet» er eit samarbeid mellom Litteraturhuset i Bergen, Det Vestnorske Teateret, Fosse-stiftinga, Nasjonalbiblioteket, Festspillene i Bergen og Nynorsk kultursentrum.