​​Jubileumsfest for store og små i poesibygda Ulvik​

Urframføring av framsyninga BREV. Ei framsyning basert på brevvekslinga mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Foto: Nynorsk kultursentrum

Laurdag 24. august feira Haugesenteret 10 år som poesimuseum i Olav H. Hauge si heimbygd. Dette vart gjort med ope museum, kakefest og ein litterær storfest med to framsyningar som tok utgangspunkt i to store poetar frå Hardanger: Olav H. Hauge og Jon Fosse.

– Det er ei stor glede å få invitera til bursdagsfest når me har slike flotte utøvarar på scena og eit slikt dedikert publikum i salen, seier arenaleiar i Haugesenteret Jorid Lekve Eide. Ho takkar også dei dyktige tilsette ved Haugesenteret som gjev museumsgjestene gode opplevingar og ein grunn til å ta turen innom Haugesenteret på nytt. Over 200 personar var med på feiringa.

Dagen vart mellom anna feira med familieframsyninga
Spelejenta av Jon Fosse. Anne Heidi Kvam Hillestad og Sivert Holmen gav liv til stykket gjennom musikk, dans og skodespel. På kvelden var det urframføring av framsyninga BREV. Dette er ei framsyning basert på brevvekslinga mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Regissør Nasrin Khusrawi, musikar Sjur Miljeteig og skodespelarane Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjelldal takka for varm mottaking i Ulvik.  

– Det var heilt fantastisk å ha regidebut på denne framsyninga i desse omgjevnadane. Takk for at me fekk koma hit! seier Khusrawi. Fleire i publikum uttalte at framsyninga var ei magisk oppleving. 

Jorid Lekve Eide har vore med på reisa og utviklinga til museet sidan oppstarten, først som vertskaps- og programansvarleg frå 2014, og som
arenaleiar sidan 2023. Ho har klare visjonar for Haugesenteret i framtida

– For framtida ynskjer Haugesenteret å halda fram med å vera eit attråverdig besøksmål som gjev unike opplevingar til både eiga bygd og andre besøkjande. Eg har tru på at noko ein skapar i eit lite lokalsamfunn også får ringverknadar i eit nasjonalt perspektiv. Haugesenteret er både ein stad å besøkja og ein stad å vera som er heilt unik. Det minner gjester oss om frå tid til anna, sa Lekve Eide i festtalen sin under jubileumsfesten.
 

Arenaleiar ved Haugesenteret Jorid Lekve Eide heldt festtale under jubileumsfesten. Foto: Nynorsk kultursentrum
Bilete frå framsyninga Spelejenta
Anne Heidi Kvam Hillestad og Sivert Holmen framførte «Spelejenta» av Jon Fosse. Foto: Nynorsk kultursentrum