Kåring av vinnarar i diktkonkurranse

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Haugesenteret har motteke mange fine dikt frå ungdomar i Hardanger, Voss og Bergen i høve diktkonkurransen knytt til Verdas Poesidag. Tusen takk til alle som har sendt oss dikt!

Juryen i Haugesenteret har kåra tre vinnardikt, og dei kan du lesa her.

Gratulera til Levi og Samson, Thorstein og Sara!

Tja, vi elskar dette landet 

Tja, vi elskar dette landet
som vi turar fram
sel skogen elvevatnet
tog og pleieheim
fisken går til kapitalen
null til far og mor
når oljenatt vi senkar
slam i vestlandsfjord
når i oljenatt vi senkar
giftig slam i vestlandsfjord 

Levi og Samson

 

Sjå på verda, born.
Sjå på havet som brusar mot stranda
Sjå på trea som grip himmelen
Sjå på oss!
Me som tar vekk alt,
frå deg.
Havet,
svart som natta.
Trea fell ned frå paradis.
Dyra som ingen hugsar.
Sjå, born av Moder Jord, sjå på verda vår. 

Thorstein Eike-Laupsa, 18 år 

  

      Vakn opp! 

Er naturen som normalen,
eller er det eg som har blitt galen?
Vil du verkeleg at barna dine skal oppleve dette?
Syns du verkeleg at det er det rette?
Kven vil sjå isen smelte?
Sjå isbjørnen svelte?
Sola som steiker ein heil sommar,
kor blir det av regnet som på vindauga trommar?
Me sit heime i stova og ser
på alt det forferdelege som i verda skjer.
Me treng håp, styrke vilje og mot,
og me treng nokon som kan sette ned ein fot.
Viss me ikkje nokre av klimamåla når,
er eg redd for kva for ei framtid me får. 

Sara Christensen Knapstad 9C, Voss ungdomsskule