Nynorsk.no / Aktuelt / KI og språkpolitikk under Arendalsuka
Nynorsk forum inviterer til debatt om KI og språkpolitikk under Arendalsuka
Tysdag 13. august under Arendalsuka 2024 inviterer Nynorsk forum fleire aktørar og politikarar til debatt om kva konsekvensar kunstig intelligens og store språkmodellar har for norsk språk.
Inntoget av kunstig intelligens har skapt gode samtalar om både personvern, falske nyhende og opphavsrett, men få snakkar om dei kulturelle og språklege konsekvensane av den nye teknologien.
Store språkmodellar som ChatGPT er på full fart inn i arbeidskvardagen, skulekvardagen og samfunnet i stort. Er slike språkmodellar ei redning for mindre språk som nynorsk og bokmål, eller vil denne utviklinga forsterke engelsk som eit dominerande språk i det norske samfunnet? Kva gjer regjeringa og styresmaktene for å sikre norsk som eit samfunnsberande språk i møte med utfordringane KI fører med seg?
Under arrangementet vil det bli halde innleiingar frå direktør for Språkrådet, Åse Wetås, nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og utviklar i NTB Arkitekst, Jo Christian Oterhals. Vidare blir det panelsamtale der også leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge deltek saman med stortingsrepresentantane Alfred Bjørlo (V) og Torstein Tvedt Solberg (Ap). Ordstyrar er direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik, som også er sekretær for Nynorsk forum.
– Vi vonar mange vil møte til denne spennande og viktige debatten i Arendal. Kunstig intelligens og store språkmodellar kan vere den mest avgjerande nyvinninga for språket vårt sidan internett, og politikarane må stillast til ansvar for korleis dei møter dei kulturelle og språklege utfordringane som kan følge med denne utviklinga, seier Opsvik.
Debattarrangementet «KI og språkmangfald» går føre seg tysdag 13. august kl. 12:30 i Bankgården i Arendal. Les meir om arrangementet her.
Nynorsk forum er eit samarbeidsorgan for nynorsk institusjonar, organisasjonar og bedrifter. Forumet drøftar viktige spørsmål om nynorsk i samfunnet, og legg fram felles prioriteringar til statsbudsjettet kvart år. Les meir om forumet her.