Kommunerekord for Nynorsk kultursentrum

Bilete av den nye logoen til Nynorsk kultursentrum.
Nynorsk kultursentrum. Foto: Ingvil Skeie Ljones

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, var i 2022 til stades i 104 kommunar. – Med arrangement og utstillingar for barn og vaksne frå Lillesand i sør til Alta i nord, er me med på å spreie nynorsk for hovud og hjarte til heile landet, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

I 2022 nådde Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, ut til 104 kommunar. – Dette gjer oss til ein ekte landsdekkande kulturinstitusjon. Få, om nokon, andre kulturinstitusjonar er til stades i fleire norske byar og bygder enn oss. Ein nasjonal institusjon er ein institusjon som speglar og møter heile landet. Det gjer me, og våre tilsette yter ekstraordinær innsats for å få til dette, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark. Riksteateret når heile 74 spelestader i landet. Elles er det få samanliknbare institusjonar i Noreg.

Nynorsk kultursentrum har fast verksemd i Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Aasentunet i Ørsta. Dei 26 faste tilsette i institusjonen formidlar, forskar og forvaltar nynorsk skriftkultur for framtida.

Nynorskhistoria har aldri vore meir tilgjengeleg
Heile 4 161 objekt er no tilgjengelege på Digitalt Museum. Det er 47 prosent av samlingane , mot 17 prosent året før.

– Våre konservatorarar gjer eit stort og grundig arbeid med å registrere og finne opplysingar om alt i samlingane våre. Dei har også god hjelp av professor emeritus Terje Aarset, som tolkar Aasen-handskrift for oss, seier Sandsmark.

I 2022 fullførte Nynorsk kultursentrum overføringa av innhald frå det tidlegare oppslagsverket Allkunne til Store norske leksikon. 5,2 millionar las 18 879 nynorskartiklar i Store norske leksikon i 2022, mot i underkant av 900 000 som las tilsvarande i Allkunne. – Fleire har fått tilgang til godt innhald om og på nynorsk. Det er godt for framtida for nynorsk skriftkultur, utdjupar direktøren.

Nesten 36 000 gjester
Nynorsk kultursentrum hadde 35 968 gjester på eige formidlingstilbod i 2022, med atterhald om endelege rekneskapstal. Det er meir enn 10 000 fleire gjester enn i 2021. Utleige og vandreutstillingar kjem i tillegg.

– Nynorsk kultursentrum har aldri treft så mange med vårt eige formidlingstilbod som i 2022. Auken kjem av auka aktivitet. For enkeltarrangement og fleire einingar har besøket gått noko ned, då mellom anna pandemien har endra vanene til folk. Me må arbeide vidare med å nå nytt publikum, og at fleire oppsøkjer kvar einskild aktivitet me tilbyr, avsluttar Sandsmark.