– ​Kulturen er viktigare enn nokon gong​

Bilete av direktør Olav Øyehaug Opsvik
Direktør i Nynorsk kultursentrum Olav Øyehaug Opsvik. Foto: Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum har hatt ein stor auke i gjestetalet. – Dei tilsette kan vere stolte av svært gode resultat i alle deler av verksemda i 2024, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik.

Nynorsk kultursentrum kan sjå tilbake til solide resultat og positiv utvikling for heile organisasjonen med årsmeldinga for 2024. Gjestetala har hatt ein sterk auke frå 2023 til 2024, frå 25 539 til 39 162. Ein auke på 53 prosent.  

– Auken kjem både av særskilde tiltak som har gitt oss høve til å nå fleire, og ein generell auke for alle musea, festivalane og turneane våre. Det er ei svært positiv utvikling etter pandemien, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik. 

Der har vore høg aktivitet i alle avdelingane. Stiftinga har gjennomført tre vellukka festivalar, bidrege til to forskingsantologiar og gjennomført arrangement om arkitektur, litteratur, kvinnehistorie, kunstig intelligens, naturtap og ei lang rekkje andre tema som er høgst relevante nett no. 

– Det er fantastisk å sjå tilbake på alt dei tilsette har fått til i 2024. Og så er det like fantastisk at vi nesten aldri gjer noko åleine. I 2024 har vi hatt ei lang rekkje samarbeidspartnarar – museum, utdanningsinstitusjonar, målrørsla og kultursektoren i stort. Vi har også gode internasjonale samarbeidsprosjekt og har knytt nye kontaktar der ute gjennom året, seier direktøren. 

Arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling har vore eit viktig fokus gjennom året.  
– Som organisasjon har vi komme nærare kvarandre, fått nye, dyktige medarbeidarar og starta på prosessar som vil vere heilt avgjerande for den vidare utviklinga av stiftinga, seier Opsvik. 

Nynorsk kultursentrum har store vyar for den nynorske skriftkulturen og kulturinstitusjonane i åra som kjem. – Nynorsk er eit demokratiprosjekt. Museum og andre kulturverksemder må òg vere på oppdrag for demokrati, mangfald og menneskerettar, seier direktøren. – Kulturen er viktigare enn nokon gong, avsluttar han.