Nynorsk.no / Aktuelt / Kulturkomiteen vitja Aasentunet
Kulturkomiteen vitja Aasentunet
For første gong var heile familie- og kulturkomiteen i Stortinget på besøk til Nynorsk kultursentrum i Aasentunet. – Kvart år byrjar over 7 000 fyrsteklassingar med nynorsk som førstespråk. Det er eit av dei største mindretalsspråka i Europa. For at det skal halde fram må me ha både vitskap og kunst, sa styreleiar Reidar Sandal til stortingspolitikarane.
Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, arbeider med nynorsk for hovud og hjarte til heile landet. Museet har 25 fast tilsette som arbeider med å forske, forvalte og formidle nynorsk skriftkultur. Det er fast verksemd ved Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Aasentunet i Ørsta, og aktivitet i over 100 kommunar i heile landet.
Familie- og kulturkomiteen har 10 medlemer. Dei representerer dei fleste partia på Stortinget. Komiteen er på rundreise på Sunnmøre, og prioriterte å vitje Nynorsk kultursentrum i Aasentunet denne gongen. – Dette året trådde ny språklov i kraft, og gav med det eit styrka mandat til den viktige jobben Nynorsk kultursentrum gjer. Komiteen har stor nytte av å sjå Aasentunet og lære meir om korleis arbeidet med å fremje nynorsk er i praksis, seier leiar av familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Grunde Kreken Almeland (V).
Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark synte stolt fram institusjonen. – Nynorsk er resultatet av eit forsking og samlingsprosjekt. I tradisjonen etter Ivar Aasen forskar og samlar me framleis. Det dannar grunnlaget for formidling til barn og vaksne i heile landet, seier direktøren.
– Særleg interessant er formidlinga av nyare og eldre barnelitteratur i musea, på turné og på nett. For det er barna våre som skal bere den nynorske språkarven vår vidare, avsluttar komitéleiar Grunde Almeland.