Nynorsk.no / Aktuelt / Kulturministeren opnar lyriske festdagar i Ulvik
Kulturministeren opnar lyriske festdagar i Ulvik
Spennande nordisk samtidspoesi, store musikkopplevingar og lansering av ny forsking på Olav H. Hauge si dikting er nokre av høgdepunkta på festivalprogrammet til Poesifestivalen i Ulvik 13.-15. september.
– Olav H. Hauge si dikting har alltid vore grunnfjellet me byggjer eit breitt og variert festivalprogram på. I år er diktsamlinga På Ørnetuva tema for festivalen, seier vertskaps- og programansvarleg ved Haugesenteret, Heidi Lund Berg.
Torsdag 12. september tjuvstartar Poesifestivalen med langlesing av Olav H. Hauge-dikt på Litteraturhuset i Bergen. Og fredag 13. september står kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery for den offisielle opninga i Ulvik.
– Poesifestivalen utmerkar seg ved å setja lyrikken i sentrum og by på eit litterært mangfald som tek pulsen på samtidspoesien. Det er 10 år sidan Haugesenteret opna museumsdørene i Ulvik, og like lenge har me vore så heldige å få drifta ein av landets leiande festivalar for lyrikk, seier Jorid Lekve Eide, arenaleiar ved Haugesenteret.
Gjennom tre dagar med poesifest vil ein variert bukett norske og nordiske samtidspoetar dela poesien sin inst i Hardangerfjorden.
Dei unge islandske diktarane Fríða Ísberg og Brynja Hjálmsdóttir, og den svenske poeten Gabriel Itkes-Sznap kjem for å dela lesescene med dei norske poetane Mona Høvring, Gunnar Wærness, Cecilie Løveid og Ruth Lillegraven. Ruth Lillegraven skal også ha skrivekurs med 10.-klassingar i Voss og Hardanger veka før festivalen. Det vert lesestund for born med forfattar Trude Tjensvold med boka Vi roper i skogen, ei bok som utforskar skogens språk.
Litteraturforskar Elin Stengrundet er årets Hauge-førelesar og poet Erlend O. Nødtvedt samtalar med forfattar Ingrid Nielsen i Haugesamtalen. Vinnaren av Haugestipendet i 2022, Priya Bains, kjem til Ulvik med musikar Mira Thiruchelvam for å framføra tingingsverket Oljedrømmen.
Under Poesifestivalen lanserer Haugesenteret også ein ny antologi med forsking på diktinga til Hauge: Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauges dikting. – Med denne antologien ynskjer me å stimulera til nye inngangar og spørsmål i møte med ein av Noregs rikaste forfattarskapar, seier Stein Arnold Hevrøy, konservator ved Nynorsk kultursentrum og ein av redaktørane for utgjevinga.
Publikum kan også venta seg mange flotte musikalske opplevingar med mellom anna Stein Torleif Bjella, Benedicte Maurseth, Ævestaden og hyllingskonserten Heim med Joni leia av Halvor Folgerø.