Nynorsk.no / Aktuelt / Kven er det beste nynorskførebilete for barn i 2023?
Kven er det beste nynorskførebilete for barn i 2023?
![Bilete av Gaute Eiterjord og Per Magnus Finnanger Sandsmark.](https://nynorsk.no/wp-content/uploads/2023/01/Arets-nynorskbrukar-2022-klimaforkjempar-og-forfattar-Gaute-Eiterjord-i-samtale-med-direktor-i-Nynorsk-kultursentrum-Per-Magnus-Finnanger-Sandsmark-1024x683.jpg)
Nynorsk kultursentrum ber om nominasjonar til kven som bør få prisen «Årets nynorskbrukar» for 2023. Prisen blir som tidlegare år delt ut under Festspela, som i 2023 har temaet «Barnet». Alle som vil kan føreslå kandidatar til prisen.
– «Årets nynorskbrukar» er blant dei fremste nynorskprisane me har, og ein av få som dekkjer alle samfunnsområde, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum. Han legg til at prisen skal gå til personar eller institusjonar som gjer det enklare å vere nynorskbrukar for andre, gjennom å vere gode førebilete, aktivt arbeid for nynorsken eller ved gjer nynorsk meir synleg i samfunnet på ulike vis.
Sidan «Barnet» er temaet for Festspela 2023, er det i år særleg aktuelt med institusjonar eller personar som inspirerer barn med eller på nynorsk. Det kan til dømes vere nokon som driv ein god nettstad eller kanal i sosiale medium, eller ein forfattar, artist eller eit anna førebilete.
Tidlegare vinnararar er mellom andre klimaforkjempar og forfattar Gaute Eiterjord, Ringstabekk skole, sosiale medium-omsetjar Martine Røistad Sand og Tonje Glimmerdal-forfattar Maria Parr.
Fristen for å føreslå kandidatar til prisen er 1. februar 2023. Prisen blir delt ut under Festspela i Aasentunet i Ørsta torsdag 8. juni 2023, der vinnaren vil få tildelt 100 000 kr.