Kven er det beste nynorskførebilete for barn i 2023?

Bilete av Gaute Eiterjord og Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Årets nynorskbrukar i 2022 var klimaforkjempar og forfattar Gaute Eiterjord, her i samtale med direktør i Nynorsk kultursentrum, Per Magnus Finnanger Sandsmark. Foto: Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum ber om nominasjonar til kven som bør få prisen «Årets nynorskbrukar» for 2023. Prisen blir som tidlegare år delt ut under Festspela, som i 2023 har temaet «Barnet». Alle som vil kan føreslå kandidatar til prisen.

«Årets nynorskbrukar» er blant dei fremste nynorskprisane me har, og ein av få som dekkjer alle samfunnsområde, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum. Han legg til at prisen skal gå til personar eller institusjonar som gjer det enklare å vere nynorskbrukar for andre, gjennom å vere gode førebilete, aktivt arbeid for nynorsken eller ved gjer nynorsk meir synleg i samfunnet på ulike vis. 

Sidan «Barnet» er temaet for Festspela 2023, er det i år særleg aktuelt med institusjonar eller personar som inspirerer barn med eller på nynorsk. Det kan til dømes vere nokon som driv ein god nettstad eller kanal i sosiale medium, eller ein forfattar, artist eller eit anna førebilete. 

Tidlegare vinnararar er mellom andre klimaforkjempar og forfattar Gaute Eiterjord, Ringstabekk skole, sosiale medium-omsetjar Martine Røistad Sand og Tonje Glimmerdal-forfattar Maria Parr. 

Fristen for å føreslå kandidatar til prisen er 1. februar 2023. Prisen blir delt ut under Festspela i Aasentunet i Ørsta torsdag 8. juni 2023, der vinnaren vil få tildelt 100 000 kr. 

Føreslå din kandidat til Årets nynorskbrukar 2023