Nynorsk.no / Aktuelt / Lågare nynorskdel i statsbudsjettet
Lågare nynorskdel i statsbudsjettet
Nynorskinstitusjonane får mindre del av kulturbudsjettkaka enn før. – Det er synd at nynorskdelen av kulturkronene er mindre. Ambisjonane for nynorsk i 2023 burde vore like store som dei samla ambisjonane for kulturfeltet, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.
Nynorskdelen av kulturbudsjettet har vore redusert over tid, og er i dette kulturbudsjettet på sitt lågaste i moderne tid. Dei fleste kulturinstitusjonar har i framlegget til statsbudsjett fått ei auke på cirka 2,9 prosent. Nynorskinstitusjonane heng etter, og har berre fått ei auke på 2,4 prosent.
– Det er ingen nye nynorsktiltak i statsbudsjettet. Stortinget bør sørge for tiltak som sikrar ordbøker, digital tilgang til nynorsk og meir nynorsk til barn og ungdom, seier direktøren i Nynorsk kultursentrum. – Stortinget har store høve til å syne at dei prioriterer nynorsk høgare i både kunnskaps- og kulturbudsjetta, seier Sandsmark.
Løyvingane til Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur er føreslege ført vidare på om lag same reelle nivå. – For ei årleg løyving på 24 millionar kroner får Noreg kulturtilbod på nynorsk i over 100 kommunar, ny forsking om nynorsk skriftkultur og tiltak som sikrar at den nynorske kulturarven vert teke vare på for framtida, seier Sandsmark. Nynorsk kultursentrum har fast verksemd ved Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Aasentunet i Ørsta.