Lansering av Side Brok-bok på Stødt

Illustrasjonsfoto av boka Høge brelle og bilete av forfattaren av boka Kjell Andreas Oddekalv
Musikkvitar, musikkforskar, musikar og musikkentusiast Kjell Andreas Oddekalv har skrive boka om det første Side Brok-albumet, Høge Brelle. Foto: UiO

Kjell Andreas Oddekalv frå Volda har doktorgrad i rap-flow og har skrive bok om det første Side Brok-albumet, Høge Brelle. På Stødt bar og scene i Ørsta sentrum blir boka feira med samtale og konsert.

Som ein del av serien Norske albumklassikere kjem no boka om gjennombrotsalbumet til Side Brok, Høge Brelle. Boka er skriven av Kjell Andreas Oddekalv frå Volda, som nyleg har skrive ei doktorgradsavhandling om rap-flows. Aasentunet samarbeider med Stødt om lanseringsfest for boka fredag 21. oktober.

Under lanseringsfesten kjem forfattaren til å treffe Runar Gudnason og forskings- og samlingsleiar Olav Øyehaug Opsvik i Nynorsk kultursentrum til samtale om boka. Vidare blir det konsert med Volda-fenomenet louilexus – ei rappgruppe som har hausta lovord mange stader, og då ikkje minst frå Gudnason sjølv. Mellom programinnslaga blir det spelt norsk rapp, kuratert av DJ Øyehaug frå Ørsta.

– Forteljinga om Side Brok og Høge Brelle-albumet er viktig lokal kulturhistorie for oss som er oppvaksne på Sunnmøre, men også eit viktig rappalbum i nasjonal samanheng, fortel Olav Øyehaug Opsvik i Nynorsk kultursentrum. – Då var det sjølvsagt at vi måtte få til ei lansering i Ørsta!, held han fram.

I omtalen av boka står det mellom anna at «Denne boka tek for seg Høge Brelle som kunstverk – både musikalsk og tekstleg – fortalt frå ståstaden (eller vel så ofte sitte- eller liggestaden) til ein som var der (og med der så meinar vi slutten av tenåra/byrjinga av tjueåra på Søre sunnmøre – gjerne på Side Brok-konsert på Rust i Ørsta).»

Avgrensa plass!