Leiar for Falstadsenteret, Øystein Djupedal, vitjar Vinjesenteret

Øystein Djupedal. Foto: Pressefoto.

Tysdag 21.februar kl. 19.00 kjem Øystein Djupedal til Vinjesenteret for å snakke om korleis demokrati og menneskerettar blir truga.

Djupedal er styreleiar i Falstadsenteret, som blei etablert i august 2000. Falstadsenteret er eit nasjonalt opplærings- og dokumentasjonssenter for fangehistorie frå krigen, humanitær folkerett og menneskerettar. Han har vore stortingsrepresentant, tidlegare fylkesmann i Aust-Agder og kunnskapsminister under Stoltenbergregjeringa. Han har spelt ei sentral rolle i den årlege Arendalsveka.

Demokrati og menneskerettar blir truga
– Alt det som skjer i Europa påverkar oss. Høgrepopulistiske parti gjer gode val i fleire land, og me nærmar oss eittårsdagen for Russlands invasjon av Ukraina, så dette er eit aktuelt tema, seier arenaleiar for Vinjesenteret, Petra Helgesen. Korleis vil desse hendingane og denne utviklinga påverke Europa – og oss? spør vertskaps- og programansvarleg for Vinjesenteret, Ingebjørg Nestestog Edland, seg. Me ser fram imot å høyre Djupedal sine tankar om temaet.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Vinjesenteret og Folkeakademiet i Vinje.