Litterære gratisarrangement på Sunnmøre

Bilete av Hilde Myklebust
Hilde Myklebust. Foto: Fotograf Ma.
Bilete av Randi Fuglehaug
Randi Fuglehaug. Foto: Jon Hunnalvatn Ton / Kagge forlag

I haust kan publikum glede seg til nye arrangement frå Litteraturhus i Møre og Romsdal. Biblioteka i 13 kommunar på Sunnmøre vil huse til saman 35 arrangement. Det blir mellom anna forfattarmøte, juleframsyningar og høgtlesing for barn.

– ­Vi har i samarbeid med biblioteka på nytt laga eit spennande haustprogram. Med tema som krim, religion, historie og klima og miljø, i tillegg til forteljingar for born, blir det noko for ein kvar smak, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum. Prosjektet er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen.

Barnebokforfattarane Maria Parr og Hilde Myklebust frå Vanylven møter born på biblioteka. Parr les frå bøkene Tonje Glimmerdal, Keeperen og havet og Vaffelhjarte. Myklebust vil lese og fortelje frå boka Ylva og villgeitene.

Forfattar Randi Fuglehaug besøkjer fleire bibliotek i slutten av september og let publikum bli betre kjende med krimuniverset som utspelar seg på Voss i boka Tonedød.

Tidlegare politisk rådgjevar i KrF, Emil Erstad, har skrive boka Mørkemann. Han fortel om eiga reise frå kristenkonservatismen og funderer over kvifor nokon, slik som han, endrar tru og meining, medan andre held fast på det same gjennom heile livet.

Forfattar og journalist Marit Bendz blir intervjua av Bjørn Vatne om berekraftig landbruk, med utgangspunkt i boka Glade dyr og levande jord. Her vil alle som er opptekne av matlaging, dyrehelse, klima og landbruk få eit unikt innblikk i Marit Bendz si oppleving etter å ha møtt femten bønder over heile landet.

Forfattar, kokk, organist, musikalartist og formidlar Anders Totland har gjeve ut 15 bøker sidan debuten i 2015. I haust vil han presentere ulike føredrag, mellom anna frå bøkene Vindmøllekampen – historia om eit folkeopprør, Pest og plage og sakprosaboka Den norske slavehandelen, som er skriven for born og unge.

Christian Wiik Gjerde, mellom anna kjent frå NRK Super, avsluttar haustprogrammet med ei stemningsfylt juleframsyning, med adventsstemning og høgtlesing frå boka Jul på Bukken hotell.

Litteraturhus i Møre og Romsdal  
Dei sju turneane i haustprogrammet er ein del av prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal, der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen gir folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka. Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane og andre aktørar.   

Turnear i haust
Hilde Myklebust: Veke 38 og 39
Fjord bibliotek, Herøy folkebibliotek, Vanylven folkebibliotek og Ulstein bibliotek.

Randi Fuglehaug: Veke 39
Giske folkebibliotek, Fjord bibliotek, Sykkylven bibliotek, Sula bibliotek, Vanylven folkebibliotek og Sande bibliotek.

Maria Parr: Veke 40 og 42
Ørsta folkebibliotek, Stranda folkebibliotek, Ålesund bibliotek (Skodje og Harøy), Sande bibliotek, Hareid folkebibliotek og Vanylven folkebibliotek.

Marit Bendz intervjua av Bjørn Vatne: Veke 41
Volda folkebibliotek, Hareid folkebibliotek og Ulstein bibliotek.

Emil Erstad: Veke 42
Sykkylven bibliotek og Ørsta folkebibliotek.

Anders Totland: Veke 42 og 46
Stranda folkebibliotek, Giske folkebibliotek, Ålesund bibliotek (Sjøholt, Haramsøy og Brattvåg) og Sula bibliotek.

Christian Wiik Gjerde: Veke 45
Ålesund bibliotek (Longva og Vatne), Sykkylven bibliotek, Ulstein bibliotek, Herøy folkebibliotek, Sande bibliotek og Volda folkebibliotek.