​​Litteraturdagane med motkultur på programmet​

Frå Litteraturdagane 2022. Foto: André Nesheim.

I år er temaet for Litteraturdagane «Motkultur», med fokus på motmakt og nynorsk presse. – Me ynskjer å tematisere dei forteljingane som ikkje får omtale, eller som må kjempe for ein plass i den offentlege samtalen, seier arenaleiar Petra Helgesen.

Motkultur er eit viktig tema for Vinjesenteret. 

   – Dei motkulturelle kreftene i det norske samfunnet har vore ein viktig del av norsk demokrati sidan starten av 1800-talet. Den nynorske målrørsla er ei av dei eldste motkulturelle rørslene i Noreg som framleis held koken, seier Helgesen. Ho peikar vidare på at Vinjesenteret skal ta vare på arven frå A. O. Vinje, som var ein motkulturell kraft i si tid. 

    – Han var aldri redd for å motseie makthavarane eller kritisere dei dominerande kulturelle strøymingane, fortel ho. 

Litterær og journalistisk motkultur 

I år inviterer Litteraturdagane til festivalstart torsdag ettermiddag med eit spennande program på Raulandsakademiet. Programmet skal ta for seg folkemusikken som motkultur, og er eit samarbeid med Universitetet i Sørøst-Norge. 

   Fredag blir festivaldeltakarane invitert til Vinjesenteret og Vinjar, til eit program der forteljingane er i fokus. Korleis gjev nynorske lokalaviser rom for forteljingane? Her samarbeider Litteraturdagane med Vest-Telemark blad, lokalavisa som har 50-årsjubileum i 2023. Fredagen vil også innehalde eit heimlengt-tema, der ulike journalistar og forfattarar skal samtale om å flytte ut i distrikta som ein del av ein motkultur. 

Laurdag er det festivalprogram i Vinjar på dagen og i Edland på kvelden. Programmet har fokus på motmakt og motstand, både i distriktsopprør og anna konflikt. 

Vertskaps og programansvarleg Ingebjørg Nestestog Edland. Foto Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum

– Korleis uttrykk for motstand kjem fram i romanar, dikt og film blir vektlagt denne dagen, seier vertskaps- og programansvarleg Ingebjørg Nestestog Edland.   

   Tradisjonen tru vil også den høgtidelege utdelinga av Storegutprisen skje under festkvelden i Edland på laurdagen. 

Programpostane i Litteraturdagane 24.–27. august 2023 blir slopne i sin heilskap dei neste vekene. 

   – Fylg med på nettstaden vår nynorsk.no og på Facebook for meir informasjon om programmet, oppmodar Nestestog Edland.