​​Litteraturhus i Møre og Romsdal klar med tre nye turnear​

Bilete av Sinnamekker´n Ståle Eskeland
Sinnamekker´n Ståle Eskeland. Foto: privat

Sinnamekker’n Ståle Eskeland, Lars Amund Vaage, Endre Ruset og Stian Omenås er alle klare for å besøke til saman ni bibliotek på Sunnmøre i vår. Litteraturhus i Møre og Romsdal er med på å styrke litteraturtilbodet i lokalmiljøa, og alle arrangementa er gratis.

Biblioteka i Ørsta, Hareid, Haramsøy og Sula får besøk av Ståle Eskeland, også kjend som Sinnamekker’n. Han skal lese og vise bilete frå boka Sinnamekker’ns bilalbum: bilar med sjel, fortelje om mekking og bil som hobby og snakke om kva bilen betyr for bygda. – Dette blir eit annleis møte med bil for alle bilinteresserte, seier produsent i Nynorsk kultursentrum Kim Åge Furuhaug. 

Forfattaren Lars Amund Vaage kjem til biblioteka i Volda, Sykkylven, Ulstein og Giske. Han vil lese frå romanen Mjølketid. Dette er ein oppfølgjar av Det uferdige huset som var nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2021.   

Sist ut på vårprogrammet er eit spennande møte med forfattar Endre Ruset og musikar Stian Omenås. Dei presenterer prosjektet Noriaki på biblioteka i Ørsta, Valldal og Giske. Ruset gav ut boka Noriaki i 2017, inspirert av diktforma haiku og skihopparen Noriaki Kasai. I fjor lanserte Ruset og Omenås prosjektet i musikkformat, med albumet Noriaki. No vil dei framføre noko av musikken saman.  

– I tillegg til bibliotekprogrammet til Litteraturhus i Møre og Romsdal er vi glade for å også kunne tilby fleire skulearrangement, seier Furuhaug. Sigmund Løvåsen skal lese dikt frå den Bragepris-nominerte boka Tusen elgar i garasjen til barnetrinnet. Ungdomstrinna får eit realistisk møte med det å vere tenåring når Inger Johanne Sæterbakk les frå Hjartespreng.  

Litteraturhus i Møre og Romsdal starta i 2017 som prosjektet SamLes LITT i Romsdalskommunane, etter initiativ frå Bjørnsonfestivalen. Prosjektet vart utvida til heile fylket i 2020, med Nynorsk kultursentrum som ansvarleg koordinator for tilbodet på Sunnmøre og Bjørnsonfestivalen på Nordmøre og i Romsdal. Prosjektet mottek støtte frå fylket, kommunane, Sparebank1 SMN, Fritt Ord og Kulturrådet. Alle arrangementa har fri inngang!  

Turnéliste:  
Sinnamekker’n: Ståle Eskeland  
10/4 Ørsta kulturhus, kl. 12.00  
10/4 Hareid folkebibliotek, kl. 18.00  
11/4 Haramsøy bibliotek, kl. 17.00  
11/4 Sula bibliotek, kl. 20.00 

Mjølketid: Lars Amund Vaage  
16/4 Volda folkebibliotek, kl. 19.00  
17/4 Sykkylven bibliotek, kl. 19.00  
18/4 Ulstein bibliotek, kl. 13.00  
18/4 Giske folkebibliotek, kl. 18.00  

Noriaki: Endre Ruset og Stian Omenås  
23/4 Ørsta folkebibliotek, kl. 19.00  
24/4 Fjord bibliotek, Valldal, kl. 19.00  
25/4 Giske folkebibliotek, kl. 18.00