Litteraturhus i Møre og Romsdal med nye spennande turnear

frå venstre Anders Totland, Arill Riise og Halvor Folgerø
Frå venstre: Anders Totland, Arill Riise og Halvor Folgerø. Foto: Marius Knudsen, Espen Solli og Tove Breistein

I haust får publikum møte kjende namn som Arill Riise, Anders Totland og Halvor Folgerø gjennom Litteraturhus i Møre og Romsdal. Over 30 arrangement for publikum i alle aldrar blir arrangerte ved bibliotek, barnehagar og skular på Sunnmøre. Alle arrangement er gratis.

Anders Totland besøkjer Giske folkebibliotek 21. oktober med den frittståande oppfølgjaren til den første krimromanen sin om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til døden skil oss: ein Jacob Juul-roman. 

Halvor Folgerø har tidlegare skrive boka Vestlandsvegar. No tek han føre seg det som binder desse vegane saman: Ferjene. I boka Ferjefolket fortel Folgerø korleis ferjene er ein viktig del av norsk historie. Siste veka i oktober kjem han til Volda, Sykkylven, Stordal og Giske.

Forfattar Arill Riise har skrive den gripande boka Der ingen var einsam: klyngetunet som vart utsletta. Den handlar om korleis heimstaden vart råka av eit snøras som tok livet av tre personar. Riise er eit kjent fjes for dei fleste som journalist og programleiar for både NRK og TV2. Dette er den fjerde boka hans. Han kjem til Ulsteinvik, Ørsta, Stranda, Stordal og Sula i midten av november for å fortelje boka si.

På nynorsk.no kan du sjå detaljert programoversyn for dei ulike arrangementa. 

Litteraturhus i Møre og Romsdal har også ein eigen haustturne for barnehagar og skular med Hilde Mykjebust, Trude Tjensvold, Anne Gunn Halvorsen, Randi Fuglehaug og Monica Goksøyr.

Litteraturhus i Møre og Romsdal starta i 2017 som prosjektet SamLes LITT i Romsdalskommunane, etter initiativ frå Bjørnsonfestivalen. Prosjektet vart utvida til heile fylket i 2020, med Nynorsk kultursentrum som ansvarleg koordinator for tilbodet på Sunnmøre og Bjørnsonfestivalen på Nordmøre og i Romsdal. Frå 2024 har satsinga fått fast støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Kommunane i fylket, Human-etisk forbund, Fritt Ord og Kulturrådet støttar også satsinga. Alle arrangementa har gratis inngang!  

Turneliste:
Anders Totland – Til døden skil oss 
21/10 Giske folkebibliotek, kl. 18.00 

Halvor Folgerø – Ferjefolket 
28/10 Volda folkebibliotek, kl. 20.00 
29/10 Sykkylven bibliotek, kl. 19.00 
30/10 Stordal frivilligsentral, kl. 18.00 
31/10 Giske folkebibliotek, kl. 18.00 

Arill Riise – Der ingen var einsam 
11/11 Ulstein bibliotek, kl.17.00  
11/11 Ørsta folkebibliotek, kl. 19.30 
12/11 Storfjord kulturhus, kl. 18.00 
13/11 Fjord kommune rådhus, kl. 18.00 
14/11 Friheim kulturhus, Sula, kl. 19.00