Nynorsk.no / Aktuelt / Løveid og Bjella til Poesifestivalen i september
«På Ørnetuva» skal gi lyrisk mangfald
Løveid og Bjella til Poesifestivalen i september
13.–15. september inviterer Haugesenteret igjen til poesifestival i Ulvik. Cecilie Løveid og Gunnar Wærness kjem med ny lyrikk. Publikum får også fleire musikalske opplevingar, mellom anna heiderkonserten “Heim med Joni” og Stein Torleif Bjella.
Lyrisk mangfald med Olav H. Hauge som omdreiingspunkt
Tema for årets festival er «På Ørnetuva», etter diktsamlinga av Olav H. Hauge. Samlinga som kom ut i 1961 og blir rekna som Hauge sitt store gjennombrot, tek opp tematikkar som einsemd, kjærleik, makt og maktesløyse. Sentralt står òg dikt som handlar om kva poesien gjer og kvifor den er nødvendig.
– Spørsmål om kvifor poesien trengst er like viktige i dag som for over 60 år sidan, seier arenaleiar Jorid Lekve Eide ved Haugesenteret. Med utgangspunkt i det lyriske mangfaldet i På Ørnetuva tek me pulsen på samtidspoesien under årets festival, seier Eide.
Poetane Cecilie Løveid og Gunnar Wærness er to av lyrikarane som er inviterte til Poesifestivalen i september. Dei høyrer begge med til våre mest markante samtidslyrikarar.
Cecilie Løveid blir rekna som ein av dei store lyrikarane i norsk litteratur og er ein av våre mest spelte samtidsdramatikarar. Gunnar Wærness er ein formmedviten poet der leik og alvor går hand i hand i diktinga. – Wærness skriv med eit stort overskot, ikkje ulikt slik Hauge gjorde det, i nettopp På Ørnetuva, fortel Eide.
Stein Torleif Bjella og heiderkonserten Heim med Joni
Rimsmeden og musikaren Stein Torleif Bjella er kjend for sine skildringar av Bygde-Noreg med melankoli og humor. – Det er 10 år sidan sist Bjella vitja Poesifestivalen i Ulvik, så no var me klare for eit gjensyn, seier vertskaps- og programansvarleg Heidi Lund Berg.
Eit stjernelag med mellom anna Annlaug Børsheim, Kåre Opheim og Halvor Folgerø skal gje publikum si musikalske hylling av den store songlyrikaren Joni Mitchell med gjendiktingar av Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland.
– Festivalpass og konsertbillettar ligg no ute på nynorsk.no, så ver om deg og velkomen til poesifest i Hardanger i september avsluttar Berg.