«Lytt til lyrikken» er i gang igjen

Bilete av Svanhild Amdal Telnes og Tuva Syvertsen

Først ut i samtale-serien er musikar Tuva Syvertsen, som har invitert med seg lyrikar Svanhild Amdal Telnes. Dei vitja Seljord bibliotek 6. september og vitjar Stord bibliotek 7. september og Kvinnherad bibliotek 9. september. 

Tuva Syvertsen er mest kjent som felespelar, vokalist og frontfigur i Valkyrien Allstars. Dei siste åra har ho nådd eit breitt publikum, mellom anna gjennom TV-program som Stjernekamp og Hver gang vi møtes. Ho er óg kjent som teatermusikar og som ein av landets kulaste undergrunnsrapparar. Syvertsen har blitt omtala som ein nyskapande, grensesprengjande og samtidsorientert kunstnar og har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Spellemannprisen og Prøysenprisen. 

I 2018 debuterte Svanhild Amdal Telnes med diktsamlinga Om nettene brukar mor dråpeteljar, som vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris. I grunngjevinga stod det at debuten var «ei sterk bok å gå inn i og vende tilbake til». No er ho aktuell med diktsamlinga Å jage ein hjort i døden. Amdal Telnes, som både er forfattar og psykolog, var i 2021 eitt av ti unge «Nynorsktalent». Kåringa var eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som sat i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og artisten Daniel Kvammen. 

Dette er den tredje turneen til «Lytt til lyrikken», som er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og lokale bibliotek og arrangørar over heile landet. «Lytt til lyrikken» gir publikum unike møter med kreative og interessante tekstformidlarar. I 2019 presenterte Nynorsk kultursentrum og Haugesenteret i Ulvik Frida Ånnevik og Anna Kleiva. I 2020 fekk publikum møte Daniel Kvammen i samtale med Fredrik Høyer.   

– Vi er veldig glade for å vere i gang igjen etter eit opphald under koronapandemien. Publikum får igjen møte spennande kunstnarar på ein ny måte og på lokale arenaer, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum.