Meir tilgjengelege enn nokon gong

Bilete av barnehagebarn som ser på barnekunstutstillinga. eit årleg prosjekt til Nynorsk kultursentrum.
Over 800 barnehagebarn deltok i det årlege barnekunstprosjektet til Nynorsk kultursentrum i 2023. Foto: Nynorsk kultursentrum

- I eit krevjande år for dei tilsette i Nynorsk kultursentrum er det fantastisk å sjå korleis arbeidet vårt når gjester, brukarar og samarbeidspartnarar i heile Noreg, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik.

Etter fleire uvanlege år, med mellom anna pandemi og omorganisering, vart 2023 nok eit krevjande år for Nynorsk kultursentrum. I løpet av året har både ein direktør og ein styreleiar gått av med direkte verknad. – I lys av dette er det fantastisk godt å sjå alt det gode arbeidet dei tilsette gjer, seier Opsvik.

Heile Ivar Aasen-samlinga på nett
I løpet av 2023 har heile samlinga etter Ivar Aasen for første gong blitt gjort tilgjengeleg for alle på nettstaden DigitaltMuseum. Der kan ein studere alle gjenstandane, herbariet og bøkene frå samlinga etter Aasen. – Dette legg eit viktig grunnlag for vidare forsking på Aasens liv og virke, seier direktøren, og oppmodar alle interesserte i å studere samlinga endå grundigare om å ta kontakt.

Avdelinga for forsking og samling er aktiv i fleire forskingsprosjekt og -nettverk. Det vidare arbeidet med å gjere stiftinga sine samlingar og arkiv digitalt tilgjengelege held fram i høgt tempo i 2024.

Inkluderande formidling og samarbeid
Våren 2023 lanserte Nynorsk kultursentrum, i samarbeid med Senter for nynorsk i opplæringa, vennskapssongen «Kom som du er» på YouTube. Videoen har blitt sett fleire tusen gonger og barn i heile landet har saman fått utfalde seg med song og dans. I høve markeringa av den nynorske biletboka fekk over 800 barnehagebarn i 34 kommunar frå Finnmark i nord til Rogaland i sør bidra til ei nynorsk barnekunstutstilling.

Samarbeidet med Store norske leksikon gjer at kunnskapsarbeidet til Nynorsk kultursentrum når fleire enn nokon gang. I 2023 passerte leksikonet 20 000 artiklar på nynorsk og desse blei lesne meir enn 6 millionar gonger.

– Dei tre musea våre Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje er ein viktig del av vårt nasjonale oppdrag og samtidig verdifulle aktørar i nærmiljøa sine. Med god hjelp av lokale samarbeidspartnarar og frivillige står vi for unike festivalar ved kvart museum, der litteratur, musikk og andre kunstformer blir presenterte for publikum i alle aldrar. To av desse blei gjennomført i 2023: Litteraturdagane i Vinje og Festspela i Ørsta. Tema for festivalane var høvesvis motkultur og barnet.

Det samla gjestetalet for stiftinga blei 25 539, fordelt på arrangement i 89 kommunar.

Les meir om arbeidet til stiftinga i årsmeldinga.

Bilete av Stine Stennes Hovdenakk og Siri Beate Gjerde.
Konservator Stine Stennes Hovdenakk og bibliotekar Siri Beate Gjerde i Nynorsk kultursentrum sluttførte i 2023 arbeidet med å gjere samlinga etter Ivar Aasen tilgjengeleg på nettstaden DigitaltMuesum. Foto: Nynorsk kultursentrum