Minnerike litteraturdagar i Vinje

ISÁK. Foto: Nynorsk kultursentrum

Eit begeistra publikum fekk med seg eit variert og innhaldsrikt program under Litteraturdagane. – Sterke utøvarar har saman med publikum vore med på gjera dette til ei strålande og minnerik festivalhelg i Vinje, seier Ingebjørg Nestestog Edland program- og vertskapsansvarleg på Vinjesenteret.

Temaet for årets litteraturdagar var «Motkultur», og dette viste godt att både i programmet og
i valet av utøvarar for festivalen. Litteraturen har stått i fokus gjennom gode samtalar, intervju
og høgtlesing.

Nærare 1900 gjester var innom festivalen som starta på Raulandsakademiet torsdag kveld.
Odd Nordstoga og Benedicte Maurseth stod for den offisielle opninga før det vart samtalar
om folkemusikk som motkultur. Det norsk-samiske bandet ISÁK avslutta dagen med eit
forrykande show.

Fredag gjekk programmet føre seg på Vinjesenteret og på Vinjar. Då blei mellom anna Vest-
Telemark blad sitt 50 års-jubileum markert med ein audiovisuell bursdagslåt laga av Jørgen
Orheim frå Vinje. Publikum kunne høyre samtalar om det hektiske bylivet, forbrukskultur og
heimlengt og høyre dikt- og tekstlesing på diktarpuben. Stian Carstensen og Ola Kvernberg
avslutta med ei livleg og humoristisk konsertoppleving.

På vegne av Fjord1 og serveringsselskapet Ferdamat tok Olav Strømstad i mot
Storegutprisen i Storeguthallen på Edland skule. Selskapet blei tildelt prisen for bruken deira
av nynorsk i all marknadsføring og informasjon, både til publikum og elles i næringsdrifta.
Benedicte Maurseth avslutta festkvelden på Edland med ei fantastisk konsertførestilling som
fekk ståande applaus frå publikum.

– Det har vore skikkeleg stas å halde festival med så mange, og for så fine, folk. Eg vil
særleg takke Venelaget, alle frivillige og Bjaaland bygderestaurant for å ha skapt ei god
atmosfære og gode rammer rundt programmet denne helga, avsluttar vertskaps- og
programansvarleg Ingebjørg Nestestog Edland.

Petra Helgesen og Anders Totland. Foto: Nynorsk kultursentrum
Benedicte Maurseth. Foto: Nynorsk kultursentrum