Nynorsk.no / Aktuelt / Monsterbesøk på Vinjesenteret
Monsterbesøk på Vinjesenteret
Laurdag 25. februar kjem Adele Lærum Duus til Vinjesenteret for ei utandørs framsyning for born – eit monsterbesøk! Storemonster vil leike med Veslemonster, men Raggmonster er på besøk. Kan dei leike saman alle tre?
Kritikarroste barnebøker
Bøkene om Storemonster og Veslemonster er laga av Áslaug Jónsdottir, Kalle Güettler og Rakel Helmsdal, og blir framført av Adele Lærum Duus. Ho driv sitt eige teater ”Lys levende Adele” og har laga fleire kritikarroste teaterframsyningar basert på eigne og andre sine bøker.
Vest-Telemarksturné
– Det er fint når gode bøker og forteljingar får liv gjennom teater og skodespel. Dette blir ein morosam og annleis laurdag på Vinjesenteret, seier arenaleiar Petra Helgesen. – Kle dykk godt, me skal vere ute, seier vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret, Ingebjørg Nestestog Edland. – Me gler oss stort til levande teater på Vinjesenteret, og til å sende Duus på turné rundt i Vest-Telemark i etterkant. Dei er heldige som får besøk av Monsterbesøk, avsluttar Edland.
For meir informasjon:
Ingebjørg Nestestog Edland, vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret, tlf: 46706073.