Aleine saman – korona og kulturen

Åse Wetås – Språket i koronatida

Tida etter at koronapandemien kom til Noreg i starten av mars 2020 har vore prega av store endringar i kvardagen vår. Me har funne nye måtar å organisera arbeid, skole og fritid på, me har reist mindre og me har brukt meir tid heime. Alt dette har sett synlege spor i språket vårt, og som venta er det i ordforrådet endringane dukkar opp. Interessa for nyord har vore uvanleg stor etter at pandemien braut ut, og det har truleg ein klår samanheng med at mengda av nye ordlagingar og ny ordbruk spring oss alle i augo.

Søringkarantene og hytteforbod

Det er tre tendensar som særleg peikar seg ut når det gjeld endringane covid 19-pandemien har gitt i det norske ordforrådet. Den første og kanskje mest synlege tendensen er alle dei nye ordlagingane. Dei har stort sett følgt det etablerte ordlagingsmønsteret i norsk, der meir eller mindre vanlege og ålment kjende substantiv dannar nye samansettingar. I første pandemifase såg me lagingar som søringkarantene, hytteforbod og dorullskam. Mange av dei nye ordlagingane var humoristiske (koronasveis, karantenekropp), eller dei reflekterte dugnadsånd og nye samværsformer (balkongklapping, snapfest).

Etter kvart som pandemien har vist seg å bli langvarig, har me lært meir om både covid 19-sjukdommen og om smittevernvenlege arbeids- og samværsformer. Utover hausten har nye ordlagingar som munnbindboom, koronajul og zoom-fatigue dukka opp, det sistnemnde til bruk om den nærast lammande trøyttleiken som kjem etter mange og lange digitale møte.

Det har gått såpass kort tid sidan koronautbrotet starta at det ennå ikkje kan seiast å vera heilt klåre mønster i nyordlagingane. Eg meiner likevel at me alt nå kan sjå ein tendens til at det blir lenger mellom dei kvikke, oppmuntrande og ofte humoristiske lagingane me såg i vår (heimekorontor, karantenekropp og vinchat). Etter at smittetala byrja å stiga på ettersommaren og førte med seg at me igjen måtte leva med strengare smitteverntiltak, speglar mange av dei nyaste ordlagingane tydelegare at me er i ei stode der mange merkar at lysten på smittevennlege digitale festlegheiter er dempa, og at den første gleda ved store, tunge varmlunsjar på heimekontoret har ebba litt ut.

Medsinske fagord inn i allmennordforrådet

Den andre synlege språklege tendensen er at ord frå det smittevernfaglege og medisinske fagordforrådet har vandra over i allmennspråket. Svært mange av oss er blitt kjende med og bruker òg sjølv etter kvart ord som reproduksjonstal (eller berre r-tal), smittekurve, bremsestrategi og flokkimmunitet. Dette er velkjende ord på det medisinske fagfeltet, men i allmennordforrådet er dei nye kjenningar.

Det vil alltid vera ei viss utveksling mellom etablerte fagordforråd og allmennordforrådet vårt. Ikkje minst ser me dette på det medisinfaglege området, der allmennord og fagord ofte lever side om side i det offentlege rommet (som diabetes og sukkersjuke, revmatisme og leddgikt osv.). I kommunikasjonen av koronasituasjonen til ålmenta har helsestyresmaktene introdusert fleire medisin- og smittevernfaglege ord og uttrykk. Slik har det skjedd ei vandring av ord frå fagspråket og over i allmennspråket.

Kohort og raude land

Ein tredje tendens som har vore synleg i språket vårt dei seinaste månadene, er at me har teke i bruk etablerte ord på nye måtar og i nye samanhengar. Både albogen og meteren har blitt aktualiserte på ein måte som har gitt desse to orda svært mykje meir merksemd enn dei hadde før pandemien. Albogen har komme inn i rampelyset som alternativ og smitteverntilpassa helsereiskap, medan meteren nærast er blitt ein usynleg ven ein har med seg til vern mot smitte i møte med andre.

Då ordet kohort dukka opp i år som nemning for små, faste grupper eller lag av barnehage- og skoleungar, var det mange språkbrukarar som stussa over den uvante ordbruken. Somme kjende kohort frå Asterix (brukt om romerske hæravdelingar), medan andre først og fremst hadde møtt ordet i samfunnsfagtimane. Ordet kohort har vore i bruk i statistikk og epidemiologiforsking, men då om meir abstrakte grupper menneske som deler éin eigenskap (t.d. alder). Til bruk om grupper av friske småbarn må kohort seiast å vera eit litt pussig val.

Etter berre nokre månader er kohort likevel eit så innarbeidd ord at sjølv relativt små barn bruker det. Ordet har òg byrja å leva sitt eige språklege liv i denne nye tydinga. Det tok til dømes ikkje lang tid før samansettinga makker-kohort dukka opp. Kommunen som lanserte nylaginga, hadde tenkt seg at dette skulle brukast om grupper av skolebarn som etter lokale smittevernreglar kunne operera to og to saman utandørs. Eg trur neppe klarspråksmedarbeidarane i Språkrådet ville tilrådd ei samansetting som makker-kohort, og det er vel òg litt tvilsamt om praksisen bak ordet høyrer med til den smittevernfaglege gullstandarden.

Eit anna eksempel på situasjonsbetinga tydingsutvikling ser me at har skjedd for ordet nærkontakt. I Nynorskordboka er dette definert som ‘nær, intim kontakt’. Det er ein fin allmenndefinisjon, men i praktisk smittevernsamanheng må ein presisera kor nær «nær» eigentleg er, og kvar går grensa for intimsonen. I koronasamanheng har me difor nå lært at nærkontakt spesifikt tyder ‘person som ein har hatt mindre enn to meters avstand til i meir enn eitt kvarter’.

Eit tredje eksempel spring ut av det kjende signalsystemet for trafikkvarsling (grøn, gul, raud). Sommaren 2020 blei verda delt inn i eit system for varsling av lite smitte («grønt» land), noko meir smitte («gult» land) og så mykje smitte at det utløyste karanteneplikt («raudt» land). Med aukande smitte er omgrepet raude land nå blitt ein innarbeidd og meir generell måte å omtala land med høg smitteforekomst. Bruken må likevel i høg grad seiast å vera kontekstbetinga. I andre samanhengar der raud blir brukt om land eller geografiske område, kan tydinga vera ei heilt anna. Til dømes har det i samband med presidentvalet i USA hausten 2020 vore mykje snakk om raude delstatar. Då refererer ikkje raud til den aktuelle smittesituasjonen, men til at det republikanske partiet leier på meiningsmålingane i desse statane.

Falske engelske vener

I pandemiordforrådet vårt har det sidan mars òg dukka opp ein del litt uheldige omsettingar frå engelsk. Me har sett at engelsk face mask ofte blir direkte omsett til ansiktsmaske, sjølv om dette ordet i norsk først og fremst er brukt om hudpleieprodukt. Folkehelsestyresmaktene og Språkrådet har i staden tilrådd munnbind og tøymunnbind som betre og meir presist for enklare ansiktsvern til bruk mot dropesmitte.

I engelskspråklege medium har me i pandemisamanheng ofte sett eller høyrt ordet respirator i bruk om det me på norsk kallar andedragsvern. Den norske bruken av ordet respirator svarer til det engelske ventilator, sjølv om det sistnemnde faktisk òg er i medisinsk bruk her heime om litt mindre sofistikerte pustehjelpsreiskapar enn dei avanserte respiratormaskinane. Dette er komplisert, og det kan fort oppstå forvirring og uheldige misforståingar om omsettingane er upresise.

Sist, men ikkje minst ser me at social distancing har fått ei svært uheldig direkte omsetting til sosial distansering.  Ordet distansering er rett nok i bruk i norsk, men då i ei mindre konkret tyding. «Å distansera seg frå nokon» blir sjeldan brukt om fysisk avstand, men om situasjonar der ein tek avstand frå meiningar eller synspunkt. Når sosial distansering blir brukt i smittevernsamanheng, er det reint faktisk fysisk avstand me snakkar om. Dermed vil den tilrådde frasen i norsk ganske enkelt vera fysisk avstand.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) meiner frasen social distancing heller ikkje fungerer særleg godt i engelsk. Dei rår til å bruka physical distance, som altså svarer til den tilrådde norske termen fysisk avstand. Ordbruken er enklare å forstå, og bodskapen dermed vonleg enklare å etterleva.

Kva blir med oss vidare?

Det er uråd å seia kor mykje av språkbruken frå pandemitida som blir med oss vidare inn i framtida. Dei aller fleste av oss ser nok fram til at verda blir som før og så mange som råd av pandemiordlagingane kan leggjast på ordkyrkjegarden saman med dei andre orda det ikkje lenger er bruk for i språket vårt. Frå eit språkleg perspektiv er likevel både nye ordlagingar, utvekslinga mellom fag- og allmennordforråd og utviklinga av nye ordtydingar interessante å sjå nærare på. Orda våre fortel historia om oss, og ordlagingane som har komme til oss i pandemien viser kva som var viktig for oss å dela med andre medan covid 19-viruset herja som verst.

 

© Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Foto: Moment studio

Åse Wetås (f. 1972) frå Sandnes vart utnemnd som direktør for Språkrådet i 2015. Ho har doktorgrad i nordisk språkvitskap frå Universitetet i Oslo og var prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014 frå 2008. Wetås har redigert fleire bøker og publisert ei lang rekkje vitskaplege artiklar, mellom dei Maurens kulturhistorie (2015).

Les meir på: