Nynorsk.no / Nettutstillingar / Aleine saman — Korona og kulturen / Frode Grytten – Løp, løp, løp
Aleine saman – korona og kulturen
Frode Grytten – Løp, løp, løp
Overvakingsbilda som blei offentliggjort eit døgn seinare, viser ein ung mann som utan forvarsel tar til å løpe. Han står åleine i avgangshallen då han brått legg på sprang, styrtar mot utgangen med sekk på ryggen. Mannen blei etterlyst, fordi ein ville vite kva som fikk han til å løpe, men bilda var for uklare til at mannen kunne identifiserast, og sjølv meldte han seg aldri.
På veg ut av flyplassen dulta han borti ei mor med to små gutar. Eit augevitne kunne fortelje at mora hylte, noko som igjen fikk smågutane hennar til å hyle. Ein av gutane løp mot faren som stod lenger borte, storebroren følgde etter mens mora ropte høgt. På overvakingsbilda kan ein sjå korleis faren fangar ungane, plukkar dei opp og held dei inntil seg.
Ei av kvinnene ved innsjekkingsautomatane snudde seg mot skrika, og då ho oppdaga den løpande mannen og dei løpande ungane, tok ho sjølv til å løpe. Fleire i hallen reagerte på same vis, menn og kvinner, unge og gamle, forretningsreisande, også eit heilt lag av idrettsutøvarar, alle løp mot utgangen, pressa på for å komme ut.
Folk som stod på utsida, taxisjåførar og reisande på veg inn, såg flokken av løpande komme mot seg og tok sjølv beina fatt. Ein middelaldrande mann i dress sprang ned rulletrappene og inn på bybanen som var klar til avgang, pusta og pesa seg gjennom vognene. Passasjerane kikka forvirra på kvarandre, før nokre reiste seg og gikk ut igjen. Der oppdaga dei menneske som sprang i rulletrapper, på plattformar, til og med langs togsporet.
Vognene blei tømt, passasjerane styrta avgarde. Fleire sprang ut i vegen, over til rundkjøringane, bilar bråbremsa, nokre av sjåførane opna dørene, nølte ein augneblink før dei løp vekk, skremt av synet av menneske i rørsle.
Då politiet kom til staden, var det for seint. Folk løp i alle retningar, også mot sentrum, og radioen meldte om stadig større flokkar av løpande, både på gateplan og under bakken, til og med inne i bygg og på kjøpesenter sprang det hordar av menneske.
Tv-kanalane intervjua ansvarlige myndigheiter som oppfordra folk til å stanse. Slutt å løpe, sa operativ sjef på legevakt. Kva i helvete skjer? spurte folk på sosiale medium. Var på shopping då eg plutselig såg ei bølge av folk komme løpande mot meg, skreiv ei kvinne. Meir info når vi har, meldte politiet.
Kvinner og menn som stira ut vindauga inne i byen, fortalte at dei trudde dei såg på eit gigantisk mosjonsløp, så oppdaga dei at dette var vanlige folk som sprang i alle retningar. Synet fikk dei også til å ta ut, dei løp på gata eller sprang i hotellgangar og i korridorar på kontorbygg og i trappene på offentlige bygg.
Statsministeren talte til folket på tv: Det er viktig at alle no tar det heilt med ro. Litt ut på kvelden blei militæret sett inn for å få folk til å slutte å løpe. Soldatar blei utstasjonert på ulike knutepunkt der dei skulle stagge befolkninga. Løpinga hadde spreidd seg til nye byar, og direktesendingane frå hendinga hadde opplagt smitteeffekt, langt fleire tok ut.
Dronebilde viste korleis det no blei løpt i gater, på stiar, på grusvegar, over torg og i smau. Bygardar og blokker blei tømt. Folk kom løpande ut frå teater og restaurantar. Også gamle og sjuke tok beina fatt. Overvektige og halte. Ingen ekspertar kunne forklare utviklinga, nokre meinte at dette til og med kunne vere til beste for nasjonen, det var bra at folk pressa seg sjølv fysisk og styrka moralen, dei måtte imidlertid hugse å stanse innimellom.
Statsministeren blei skarpare i tonen, om ikkje folk stoppa no, måtte dei vurdere eit forbod mot løping. Men folk bare fauk avgarde, jogga, jagde, lunka, lunta, pilte avstad. Bare eit lite mindretal makta politiet og militæret å stanse, fikk dei til å setje seg ned på benkar og plenar for å tenke gjennom korfor dei faktisk hadde tatt til å løpe.
Resten av folket heldt fram med løpinga. Nettavisene oppdaterte i sanntid talet på løpande per 1000 innbyggarar, både i byar og i nasjonen. Kongen sa i ein direktesendt tale: Dette er tøffe tider, men det vil gå over.
Ein av dei løpande tvitra: NEKTAR Å STANSE FØR NOKON FORTEL MEG KORFOR VI SPRING. Ein liten film som blei spreidd på sosiale medier viste at også statsministeren no hadde tatt til å løpe, sjølv om tempoet var heller moderat.
Nabolanda vurderte å stenge grensene for løpande, men dei ansvarlige somla så lenge at det brått var for seint. Ukontrollert løping hadde blitt eit globalt fenomen. To-tre veker seinare sprang det menneske i alle nasjonar, i alle verdsdelar, og kort tid etter uttrykte språkforskarar redsel for at ord som «harmoni», «ro» og «likevekt» skulle forsvinne frå dagligtalen.
Og her er vi no, eg sit ved datamaskina og følger det digitale talet som viser kor mange folk i verda som til ei kvar tid spring for livet. Akkurat no er det 5.773.006.834. Eg var borte ved kjøkkenvindauget rett i stad for å sjå på alle som løper der ute. Bare på den stunda eg stod der, hadde det raude talet auka med eit par tusen.
Eg må innrømme at eg kjenner meg ganske rolig her eg sit, eg har kvilepuls og det er heilt stille i huset, men eg har allereie bestemt meg for at den dagen talet på maskina mi når sju milliardar, tar eg også på meg skorne og løp alt eg kan.
©Frode Grytten 2020