Nynorsk.no / Nettutstillingar / Aleine saman — Korona og kulturen / Monica Bjermeland – Døden på tørkeloftet
Aleine saman – korona og kulturen
Monica Bjermeland – Døden på tørkeloftet
– Ja, då, Siri-pus, vi skal gå snart, eg skal berre koke meg ein kopp kaffi først.
Solveig kjende seg kraftlaus berre med tanken. For å kunne lage seg ein kopp kaffi, måtte ho først tømme filteret som hadde vore i traktaren sidan morgonen før, og for å ordne med filteret, måtte ho skifte ut grøneposen, som var breiddfull. Så måtte ho vaske størkna grut ut av botnen på glaskolben, kaffien hadde smakt surt i fleire dagar, og for å kunne vaske kolben, måtte ho rydde utslagsvasken som var full av skitne koppar og tallerkar.
Nei, ho fekk vente med kaffien til seinare.
Den raudspraglete katten hoppa opp i vindaugskarmen Solveig støtta seg på. Han sette seg ned mellom bregnen og smaragdpalmen og såg ut i same retning som matmora. Den søvnige byen bada i ein gråleg dis under dei, det var umogleg å sjå kvar fjorden slutta og himmelen byrja. Trafikkmaskina rett nedanfor var nesten lydlaus. Anleggsmaskiner, kyrkjeklokker, trikkar, butikkar var for lengst gått i dvale. Ein svartbak dukka opp frå ingenstad og flaug rett mot vindauget, men verken Solveig eller Siri reagerte. Dei visste godt at fuglen ville stupe til sida rett før den trefte glasruta.
Det var fødselsdagen hennar. Ho fylte rundt år, nitti. Etter sju-nyheitene venta ho ei oppringing frå sonen og dei to oldebarna. Dei brukte å ringe til den gule spøkelsesknappen på telefonen. Solveig grudde seg, ho rota det berre til med den gule knappen. Kor lenge var det sida ho hadde sett dei no, tre veker? Som ho sakna den lubne handa til Synne i si. Ho sakna fasttelefonen også. Dei bevegde seg så fort inne i den vesle skjermen, var mest som skrømt sjølv.
Solveig subba mot utgangsdøra med katten hakk i hel. Ute i gangen sleppte ho seg roleg ned på skinnpuffen. Smerta i hofta beit mindre enn dagen før, kan hende trong ho ikkje å ta meir smertestillande i dag. Ein tung fot etter den andre vart løfta nedi dei utgåtte ulltøflane. Ho tenkte med uro på bankkortet og handlelista ho hadde lagt i ein konvolutt under dørmatta til naboen. Ikkje noko å gjere med det no.
Med eine handa inntil veggen og andre på kneet løfta ho seg seinvore opp att i ståande, heilt til ho stod støtt. Ho passa på å dra godt på seg dei gule oppvaskhanskane før ho fann fram nøklane, ville ikkje ta unødige sjansar.
– Du først, Siri, sa ho med si lysaste stemme då ho opna døra.
Oppe på tørkeloftet var koppehandkleda tørre og velluktande. Her kunne Solveig ta av seg gummihanskane att, nesten ingen brukte dette rommet, men ho beheldt dei på for sikkerheits skuld. Ho bretta samvitsfullt saman kleda medan ho småpludra med katten. Skyene hadde fått eit aprikosfarga drag såg ho gjennom det vesle takvindauget.
Arbeidet vart avbrote av ein skrapelyd. Solveig såg opp. Sikkert noko ho innbilte seg, skvetten som ho var, mumla ho til Siri, utan at dette roa ned katten som alt var på føtene og kika i retning eine hjørnet. Dei høyrde lyden att, sterkare denne gongen, og såg noko røre seg.
Skrøpelege bein stavra seg bort mot skuggen i hjørnet. Katten følgde etter med låg hale. Lyden kom frå ei lodden flaggermus som hadde floge seg fast i ein flugefangar. Kroppen var klistra inntil limet, men den eine vengen var laus og desperat. Solveig vart så forferda av synet at ho tok seg til ansiktet med dei gule gummihanskane. Dei store, spisse øyrene fylte ho med avsky. Vengeslaga kom i spasmar no, blåste luft i ansiktet hennar.
Skulle ho ta tak i pattedyret og rive det av papiret, prøve å redde det? Dyret gapte redselsfullt som om det utstøytte et skrik. Taust for Solveig sine øyrer, men katten fresa, sprang opp og klora etter flaggermusa.
– Nei, veit du kva, kviskra Solveig og rygga eit steg, – flygande kakerlakkar får syte for seg sjølv.
© Monica Bjermeland (2020)
Monica Bjermeland (f. 1975) kjem frå Vestnes. Ho bur i Oslo og arbeider ved HL-senteret. 63 måtar å elske deg på er den første romanen hennar.