Sirkel Sag – Dei glana

Aleine saman – korona og kulturen

Her er ein heilt ny song frå Sirkel Sag. Den kjem med ei helsing frå administrerande direktør i pinaDgreitt records, Sjef R, som elles står for synginga på refrenget.

– I utgangspunktet handlar ikkje denne songen om koronaviruset eller karantene, men til liks med mange av Sirkel Sag sine tekstar, handlar det om einsemd og isolasjon; det å slite med kontakten med «dei andre». Så kanskje er tekstuniverset hans no (endå) meir relaterbart enn elles. Som Sirkel Sag seier sjølv:

«Ka karantene? Det er berre livet mitt, og dette er ein ny song om det.»

Sirkel Sag – Dei glana

det’ heile tida, dei glana
bak gardina, som spanara
longs vegå, folk skifta side
når sirkel sag går en tur og prøva å ver blide
og dei skula, måpa, kopa
trur at ej e gale, trur at ej e dopa, men
det’ berre ej så prøva å takle livet
og dei trur det’ nåke gale med motivet
så dei myse, og prøva å stille skarpt
prøva å stille spørsmål, men ingenting blir sagt
prøva å smile, men alt blir berre liksom
kanskje dei trur at ditte skjegget mitt e smittsomt?
og dei gløse, kika, stira
nokre ste og flira, andre ste og kviskra
han e’kje rektige på en flekk
men om ej kika tebake, så kika alle berre vekk

dei glana
dei glana, men ser’kje en drit
dei glana og prata
men dei ser’kje og sei’kje en drit

ja ja, det e’kje for å syte
kanskje det e min feil, og ej så he et lyte
va tidli å snakke, men aldri lært å tyte
aldri vore så sosial
så det e’kje godt å sei
e det egentlig ej eller dei?
så e et helvete, ej he’kje peil
alle trenge en kveil med mår og meir kjærleik
og ej veit ej e eineståande
bokstavli talt, kvar dag
alt e som det va, back in the days
ej sitte berre heime og aleine og høyre på nå scarface
og det e greitt for ej eig ikkje skam
men vi’kkje legge ut mitt inste på instagram
nei, ej legge det her, håpe du ikkje he et problem med det
digg det, hat det, gjer ka du ve med det

dei glana
dei glana, men ser’kje en drit
dei glana og prata
men dei ser’kje og sei’kje en drit

men folk fins, om dei trengs
og det e greitt
og ej fins, om du trenge
å snakke breitt
men he du saudestirå og du berre breka drit
e det pina d like greitt du ikkje kjøme hit
alle sei dei ikkje dømme, men gjer det forde
så folk flest ser’kje ken ej e egentlig e

dei glana
dei glana, men ser’kje en drit
dei glana og prata
men dei ser’kje og sei’kje en drit

dei glana
dei glana, men ser’kje en drit
dei glana og prata
men dei ser’kje og sei’kje en drit

© pinaDgreitt records

Bilete av artisten Sirkel Sag
Sirkel Sag er rappar om natta og bonde om dagen. Han har lurt i kulissane til Side Brok i mange år og har vore med på fire låtar. I 2016 gjekk Sirkel Sag solo og gav ut EP-en Ørsta Rådhus.

Les meir på: