Nynorsk.no / Nettutstillingar / Nynorsk vinyl / Melodi Grand Prix
Melodi Grand Prix
Den norske finalen i Melodi Grand Prix var lenge dominert av bokmålstekstar. Det første nynorskbidraget som fekk sleppe til, kom i 1965. «Jenteord» var komponert av Kristian Hauger, medan teksten var kreditert «Lasse Beitan», som i røynda var eit pseudonym for Hartvig Kiran. På den tida vart kvar finalesong framført to gonger og av to ulike songarar, slik at sjåarane skulle få eit tydeleg inntrykk av melodiane. Folk fekk dermed både høyre at Per Asplin song «Jenteord» i eit fint arrangement for jazztrio, og at ein felespelande Ivar Medaas framførte same songen saman med Kringkastingsorkesteret. Både Asplin og Medaas har spelt songen inn på plate, Asplin endåtil i ei slags surf-rock-utgåve.
I 1969 kom det to nye nynorsksongar i den norske finalen: «Friaren», sungen av Vigdis Mostad, og «La meg sove», sungen av Lillian Askeland. Etter det var det lenge stilt på nynorskfronten. Ikkje før på åttitalet fekk platekjøparane og sjåarane på ny gleda av å høyre nye nynorske MGP-slagerar, då framførte av artistar som Olav Stedje, Bo og Inger Lise Rypdal. Frå og med då har nynorskdelen i MGP vore liten, men jamn. Interessant nok er det slik at medan talet på bokmålstekstar har vore i fritt fall etter at det vart opna for bruk av engelsk, har talet på nynorsktekstar vore relativt stabilt.