Tekstforfattarane

Det er ikkje alltid slik at songarar er glade i å skrive tekstane sine sjølve. Då finst det fleire moglege strategiar for å finne gode tekstar. Nokre artistar går til lyrikken for å finne songtekstane sine, og diktarar som Aslaug Vaa, Aslaug Låstad Lygre, Ragnar Hovland, Tor Jonsson, Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas og andre kjende og ukjende nynorsklyrikarar har vorte tonesette mange gonger opp gjennom åra.

Andre songarar finn nokon som kan lage spesialskrivne songtekstar til dei. Tekstforfattaren Josef G. Larssen laga til dømes mange tekstar for artistar som Salhuskvintetten, Stanley Jacobsen og Kari og Ivar Medaas. Og av og til kjem dei nynorske songtekstane frå høgst uventa hald. Terje Formoe kan til dømes meir enn å skrive om Sabeltann og Julius – på åttitalet skreiv han nynorske songtekstar for popsongaren Bo, inkludert MGP-bidraget hennar «Kom heim» (med melodi av ein MGP-debuterande Rolf Løvland). Programleiaren Ivar Dyrhaug har på si side skrive fleire nynorske poptekstar for Olav Stedje. Og då Kari og Ivar Medaas i Vestlandsduoen i 1968 song seg inn i radioane kringom i landet med slageren «Takk og pris», var det Yngvar Numme frå Dizzie Tunes som hadde skrive den nynorske teksten.

Men mellom alle desse venta og uventa tekstforfattarane er det likevel to som står i ei særstilling: Jakob Sande og Hartvig Kiran. Sande skreiv dikt som var som skapte for å syngje, og det er det særs mange komponistar og artistar som har visst å setje pris på. Ikkje minst i visemiljøet ruvar Sande som ein bauta, og det er ikkje få visesongarar som har hatt Sande-songar på repertoaret.

Hartvig Kiran markerte seg tidleg med både sjølvskrivne viser og stilsikre attdiktingar. Berre attdiktingane hans av amerikanske folkeviser i boka Tom Duley og andre viser åleine har resultert i eit tosifra tal på plater. Dersom vi hadde teke bort alle platene der Sande eller Kiran står for tekstane, ville det rett og slett ikkje vore mykje att av den tidlege nynorske populærmusikken, så viktige har dei to vore. Tekstane deira held dessutan fram med å inspirere musikarar den dag i dag.

Torhild Lindal: «I Lovers’ Lane». Tekst og musikk: Hartvig Kiran

Døme på plater med tekstar av Jakob Sande

Torgils Moe: «Trur eg» / «Ola Jungmann» (1965)

Susanne Løwenhard: «David Harpeslagar» / «Saltstytta» (1966)

Døme på plater med tekstar av Hartvig Kiran

Ivar Medaas: «Driftevegen til Texas» / «Tømmerhoggaren» (1963)

Dizzie Tunes: «Seksten tonn» / «Kom alle fagre tandre terner» (1967)

Les meir om Jakob Sande på:

Les meir om Hartvig Kiran på:

Les meir om Aslaug Vaa på:

Les meir om Aslaug Låstad Lygre på:

Les meir om Ragnar Hovland på:

Les meir om Tor Jonsson på:

Les meir om Olav H. Hauge på:

Les meir om Halldis Moren Vesaas på:

Les meir om Ivar Medaas på: