Nynorsk.no / Nettutstillingar / Skeiv litteraturfest / Giđđa: Å bringe kraft til eit «eg» gjennom eit «me»
Giđđa: Å bringe kraft til eit «eg» gjennom eit «me»
Det er vår. Snøen smeltar i sola, isen i bekkane og dei større elvane løyser seg opp, alt flyt. Nattefrosten sørger for at det ikkje går raskare enn me kan henge med på. Men så kjem gråvêret, vinden, vårstormen. Dei blaute snøfillene me ikkje trudde me skulle sjå igjen no. Me hadde vent oss til vinteren, den sakte frosten. Me lever i denne vinterverda, held ut. Likar det kanskje. Så kjem sola, varmen, plussgradene, sett alt i bevegelse, og me tenkte at, okei, ei endring, kanskje til det betre. Me blir med, let oss drive nedover elva av smeltevatnet blant dei store isflaka.
Me er ikkje dei fyrste. Der har vore folk før oss, og me grev i historia, kunsten, litteraturen, joiken, språka, for å finne dei skeive liva. Og mykje seinare: Organisasjonane som gjekk opp stien før oss. Dei òg fekk medieoppslag. Blei oppringde av myndigheitene, samiske og norske, vart ynskja inn i ulike fora. Kom og representer mangfaldet! Vil dykk ikkje delta i denne panelsamtala? Dei ville jo det. Me vil jo det. Men stiller dykk i gákti? spurte dáža som inviterte. Dei sa ikkje det, sjølvklart, dei sa kofte.
Denne våren er ambivalent. Me var klare til å la oss føre mot vårsumaren, barmark og lette sko. Men den skjøre solvarmen blir raskt driven bort av skiftande skydekke og sur vind. Overgangane er ikkje utan smerte. Det spirar, men spira er svak, litt i tvil.
Me er ikkje dei fyrste som lurer på om me ikkje orkar. Ambivalensen ligg i tjukke lag over oss. Samiskheita bur i oss, det kvenske òg for nokre av oss. Røter strekker seg djupt ned i jorda, viklar seg rundt og gjennom familien, held i oss. Det skeive, hender som strekk seg oppover, utover. Slik kjennes det kanskje?
Nokre av oss må sette samiskheita, kvenskheita på pause. Me må ut, leite etter noko me tenker at ikkje kan finnast der røtene gror. Nokre av oss får beskjed òg, frå dei som står oss nærast: Eg strevde så hardt for å innrette meg, snakke norsk, bli norsk, bli verande norsk, passera, at no må du gjere det same. Slik får det skeive ikkje plass. Dei som gjekk før oss som forsaka så uendeleg mykje for å innrette seg etter ei norskheit som ikkje var deira, eller som kjempa med nebb og klør for å unnlate å innrette seg, dei er slitne. Dei strevde så hardt. Har ikkje plass til vår kamp? Ser ikkje at det angår dei? Me må ut, ser me for oss.
Geassi. Me tenker at sumaren finnes der framme, ein anna plass, kanskje lengre sør. Men sumaren er som i nord; lunefull. Sola er for varm. Der er klegg. Så regner det, fem plussgrader. Me går gjennomblaute i for lite klede på asfalt i den grå-svarte sumarnatta, ikkje skodd for dette. Absolutt ikkje skodd for dette. Denne sumaren er ikkje vår sumar, Me høyrer ikkje til her, får ikkje til dette livet. Er me åleine?
Røtene trekk i oss, lever der i oss, bada i ambivalens. Me prøver, leiter etter ein plass der me ikkje splittar og spaltar delar av oss sjølv. Kjem heim med ein kjæraste, testar reaksjonar. Kjærasten er norsk, kanskje, forstår ikkje heilt kva det er som står på og me kan ikkje heilt forklare. Me kludrar til familietradisjonar. Rotar til klede, finn ei slags glede i det. Så finn me ut at nokre andre gjekk før oss, formidla av ei tante i ei bisetning. Visste du ikkje at fetteren til far din var sånn, han som aldri gifta seg? Sånn? Ikkje noko stor greie. Men me forstår at me ikkje er åleine.
Čakcageassi. Me leiter. Finn. Store molter i kanten av myra, skjult i skogkanten, men me har lært kor me skal leite.
Me finn kvarandre. Startar organisasjonar. Lager pridar. August er vår månad. Sola skin, me blir varme, sveitte, slitne. Skeiv familie i gákti overalt, arvedávgesápmelaš. Me snakkar samisk og skin, saman. Me står der, i kjernen av det som er vårt og det som er oss, og me glitrar.
Elisabeth Stubberud, leder i den skeive samiske organisasjonen Garmeres – norsk seksjon. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar og har delteke i fleire forskingsprosjekt om skeive sine levekår og kjønn i minoritetsperspektiv.