Stader for skrift 2020

Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift ser vi sju forfattarar frå Møre og Romsdal gjennom tre ulike blikk.  

Møre og Romsdal har mange spennande forfattarar. I dette prosjektet får du møte forfattarar frå alle kantar av fylket. Nokre har flytta. Andre er framleis der dei vaks opp. Bak portretta står forfattar Bjørn Vatne, fotograf Ma Ortiz og produksjonsselskapet Blåst Film. Du kan oppleve dei sju forfattarportretta i podkasten vår Nynorsk no og gjennom film og fotografi. På allkunne.no kan du lese meir om kvar einskild forfattar. Klikk på bileta under for å kome i gang.