​​Ny arenaleiar ved Vinjesenteret​

yngve knausgård
Yngve Knausgård. Foto: Atle Kold Hansen

Yngve Knausgård er tilsett som ny arenaleiar ved Vinjesenteret. Saman med dei fire andre tilsette ved senteret skal han vidareutvikle arenaen som ein viktig formidlar av dikting og journalistikk.

– Me gler oss til å få Knausgård på plass som ny arenaleiar, og ser fram til dei perspektiva han vil ta med seg inn i museums- og formidlingsarbeidet vårt. Samla sett har me no ein kompetanse ved Vinjesenteret som kjem både lokalmiljøet og regionen til gode, i tillegg til å styrkje den nasjonale satsinga i organisasjonen, seier konstituert direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng. 

– Eg gler meg stort til å kome i gang som arenaleiar, og har stor respekt for den kulturarven eg skal vere med å formidle og forvalte. Eg ser fram til å treffe miljøa i Vinje og i Nynorsk kultursentrum, og saman med dei bidra til å gjere Vinjesenteret til ei lokal, regional og nasjonal kraft, seier Yngve Knausgård som tek til i stillinga i februar. 

Yngve Knausgård er frå Arendal og har hovudfag i massekommunikasjon og kulturformidling frå Universitetet i Bergen. Han har tidlegare arbeidd som kulturkonsulent i Balestrand kommune, som sjølvstendig næringsdrivande med grafisk formgiving og som kommunikasjonsrådgivar i Vegtilsynet på Voss. No arbeider han som kommunikasjonsansvarleg ved Bergens internasjonale litteraturfestival, Litfest Bergen. 
 
Knausgård var på intervju til stillinga då det blei kjent at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Dette var sjølvsagt umogleg å kome utanom i den første samtalen på den nye arbeidsstaden. – Ein nynorsk Nobel-vind i ryggen er ekstra inspirerande, seier Knausgård.  
 
– Me ser fram til å jobbe saman med ein ny arenaleiar med så mykje fagleg tyngde og erfaring frå både kulturformidling og festivalarbeid, seier program- og vertskapsansvarleg Ingebjørg Nestestog Edland. – Me ynskjer Yngve velkomen, og håpar og trur han kjem til å trivast i Vinje og på Vinjesenteret, avsluttar Edland.