Ny avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum

Bilete av Irene Hareide som er tilsett som forskings- og samlingsleiar for Nynorsk kultursentrum.
Irene Hareide er tilsett som forskings- og samlingsleiar for Nynorsk kultursentrum. Foto: privat

Irene Hareide er tilsett som forskings- og samlingsleiar for Nynorsk kultursentrum. Hareide tek til i Nynorsk kultursentrum i juni og kjem frå ei stilling som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

Der kom seks søkarar til stillinga. Etter ein grundig prosess fekk Irene Hareide tilbod om stillinga og takka ja. Hareide (43) er oppvaksen i Ulsteinvik og bur i dag i Volda. Ho har tidlegare mellom anna vore høgskulelektor og seksjonsleiar ved Høgskulen i Volda. Hareide har doktorgrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Agder.

– Vi gler oss stort over at Irene kjem til oss. Med denne tilsetjinga styrkar vi laget fagleg og får ein trygg og god avdelingsleiar som vil medverke til å utvikle både forskinga, samlingsarbeidet og formidlinga til Nynorsk kultursentrum i mange år framover, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik.

– Eg gler meg verkeleg til å ta til i denne jobben. Eg har eit veldig godt inntrykk av det arbeidet som blir gjort i Nynorsk kultursentrum, og eg håper å kunne bidrage med det eg kan og det engasjementet eg har for nynorsk litteratur og heile den mangfaldige nynorske skriftkulturen, seier Irene Hareide.

Som forsking- og samlingsleiar skal Hareide leie ei avdeling med fire konservatorar, ein bibliotekar, ein spesialrådgjevar og ein forskar II. Hareide vil ha kontorstad i Aasentunet, som er hovudsetet for Nynorsk kultursentrum.