Ny forskingsantologi om Olav H. Hauge

Bilete av boka Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauge.
«Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauge» er ei bok om forholdet mellom Hauges lesing og dikting. Foto: Nynorsk kultursentrum

I haust får Haugeforskinga eit viktig lyft med den nye antologien Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauge. Boka vert lansert under Poesifestivalen i Ulvik 13.–15. september.

30 år etter Olav H. Hauge gjekk bort er boka Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauge klar frå trykken. Boka er gitt ut av Novus forlag og har bidrag av både veteranar og nye stemmer innanfor Haugeforskinga. Første del av tittelen, “Her må då ordi koma”, er henta frå diktet “Ny duk” som handlar om korleis dikting vert til.

– Det har lenge vore på blokka å få til ei utgjeving om forholdet mellom Hauges lesing og dikting, seier Stein Arnold Hevrøy, konservator ved Nynorsk kultursentrum. – Vi er på ingen måte ferdige med forfattarskapen, for det opnar seg stadig nye måtar å forstå diktinga til Hauge på, legg Hevrøy til.

Sjølv om forfattarskapen til Hauge framleis er levande både som formidlings- og forskingsobjekt, er det faktisk også 30 år sidan Tunn is, den siste reine forskingsantologien om Olav H. Hauge, vart gjeven ut. Å sørgja for at ein av dei mest markante diktarane i vår tid stadig vert lesen, og at nye lesarar vert kjende med Hauge sin lyrikk, er eit viktig oppdrag for poesimuseet Haugesenteret og Nynorsk kultursentrum.

Her må då ordi koma. Nye lesingar i Olav H. Hauge blir lansert på Haugesenteret under Poesifestivalen i Ulvik laurdag 13. september. Redaktørane til boka er Stein Arnold Hevrøy, Ole Karlsen (Høgskulen i Innlandet), Ingrid Nielsen (Universitetet i Stavanger) og Fredrik Parelius (Universitetet i Bergen).

Det er Forskingsnettverket for poetisk tenking som står bak boka. Nettverket er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, som mellom anna driv Haugesenteret, forskarar frå norske universitet og høgskular, og forfattarar og andre med lyrikkfagleg bakgrunn eller virke. Forskingsnettverket for poetisk tenking har gitt ut tre vitskaplege antologiar frå før.