Nynorsk.no / Aktuelt / Nynorsk kultursentrum blir medlem i Museumsnettverk for kvinnehistorie
Nynorsk kultursentrum blir medlem i Museumsnettverk for kvinnehistorie
Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er frå januar medlem av Museumsnettverk for kvinnehistorie. Føremålet til nettverket er å «arbeide for at kvinnenes historie blir ivaretatt innenfor museenes forvaltnings- og formidlingspraksiser».
– Det er stas at me vert medlem i dette nettverket same år som me skal markere 200 årsjubileet for målsakskvinna og kvinnesaksforkjemparen Aasta Hansteen. Ho er ei av kvinnene i målrørsla som ofte får ufortent liten plass i den store historia om nynorsk skriftkultur. Gjennom fleire år har Nynorsk kultursentrum løfta fram ulike kvinner frå den nynorske kulturhistoria og samtida som ikkje har vore like framheva som samtidige mannlege aktørar. Det er likevel noko vi heile tida kan bli betre på og jobbe meir systematisk med, og vi vil løpet av både dette året og i åra som kjem styrke dette arbeidet, seier konservator Stine Stennes Hovdenakk, som skal vere fast representant for Nynorsk kultursentrum i nettverket
Museumsnettverket for kvinnehistorie er eitt av 22 nasjonale og faglege museumsnettverk som er koordinert av Kulturdirektoratet. Frå før er Nynorsk kultursentrum ein del av Litteraturnettverket.
– Å arbeide for nynorsk skriftkultur er å arbeide for mangfald. Med deltaking i dette nettverket styrkar vi grunnlaget vårt for å få med fleire perspektiv i forteljinga om utviklinga av det nynorske språket. Eg er svært glad for at vi no er blitt med i nettverket og ser fram til at heile stiftinga skal drage nytte av erfaringane Hovdenakk gjer seg der, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik.