Nynorsk kultursentrum med på stjernelag i forsking

Bilete av Narve Fulsås
Narve Fulsås. Foto: privat

Nynorsk kultursentrum er med i eitt av 82 prosjekt som får støtte frå ordninga for banebrytande forsking i Noregs forskingsråd. Forskarar frå fleire institusjonar skal sjå på ulike forfattarskap, blant anna korleis Tarjei Vesaas og Olav Duun nådde ut i Tyskland, Storbritannia og USA mellom 1900 og 1950.

Ibsen og Bjørnson opna den globale litterære marknaden for norske forfattarar, men kva skjedde med den norske litteraturen etter 1900? Korleis orienterte norske forfattarar seg i ein periode der romanen var blitt dominerande, der engelsk blei det viktigaste språket, og der den tyske vegen blei nazifisert?

Nasjonalbiblioteket og Universitetet i Oslo er sentrale samarbeidspartar i prosjektet. Nynorsk kultursentrum deltek med forskar II Narve Fulsås. Fulsås er også professor i historie ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet.  
– Inkludert i prosjektet er eit forskingsseminar i regi av Nynorsk kultursentrum, to forskingsartiklar og ei bok. Eg nyttar kjeldemateriale om Vesaas og Duun som ingen har studert før, seier Fulsås. 

Over 1 500 søknader blei sende inn til fristen. 82 blei valde ut, og dette prosjektet får om lag 12 millionar kroner i prosjektperioden. 
– Vi er stolte av å vere ein del av dette samarbeidet og gler oss til å bidra til å finne ny kunnskap om kjende forfattarar innan nynorsk skriftkultur, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur.