Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Teatersjef i Det Norske Teatret og konstituert direktør i Nynorsk kultursentrum Gaute Øvereng.
Teatersjef i Det Norske Teatret og konstituert direktør i Nynorsk kultursentrum Gaute Øvereng. Foto: Hege Lothe

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret. Nynorsk kultursentrum var snare med å melde seg på.

– Det har i lange tider vore uttala frå styresmaktene at dei to store, nasjonale teaterscenene skal ha lik finansiering. Men sidan 1990 har det utvikla seg eit gap i finansieringa som no utgjer ein skilnad på 27 millioner kroner. Dette gapet må vi tette!

Dette var bodskapen til teatersjef Erik Ulfsby då han tala for publikum i Aasentunet fredag 9. juni. Han tok med seg skodespelar Mimmi Tamba som framførte «Let It Go» frå Disney-musikalen Frost. Musikalen har premiere 14. oktober og gjendiktinga er av ingen ringare enn Runar Gudnason. Då skal «Let It Go» truleg bli til «Det må ut». – Det er enormt viktig for nynorsken at så mykje som 100 000 barn vil få eit forhold til denne musikalen i nynorsk språkdrakt, sa teatersjefen då han lanserte kampanjen «Tett gapet».

Dei vender seg no til publikum og institusjonar for å vere med på dugnaden og finansiere kampanjen. Det er høve til å kjøpe plakatar og billettar til strøyma arrangement og dei aller største donasjonane går til å kjøpe eit sete i teatersalen.

Og Nynorsk kultursentrum var ikkje tunge å be.

– Det er klart vi skal stille opp for å tette gapet! Det Norske Teatret er enormt viktig for den nynorske skriftkulturen, sa konstituert direktør Gaute Øvereng etter at Nynorsk kultursentrum kjøpte den første stolen i høve teateret sin kampanje. – Vi vil bidra til å sikre at Det Norske Teatret får ei rik framtid og kan halde fram som ein robust og kvalitetssterk kulturinstitusjon.

Og dermed var den første teaterstolen selt.